
Velkomen til EresfjordEresfjord er ei lita bygd med vel 450 innbyggarar . Jordbruk er hovednæringa. Bygda er omkransa av steile fjell, sjø og vatn. Her kan du derfor fiske i sjøen, i elva og i vatn. Du kan gå turar og jakte i fjellet, eller ta ein padletur. Ja, her er det også unike mulegheiter til fjellklatring og basehopping. Om vinteren er det eit eldorado for toppturar for ein kvar smak. Det er campingplassar og hytteutleige, butikk med bensin og post.
Eresfjord ligg i Nesset kommune i Møre og Romsdal.Det er ca 70 km til Molde, 55 km til Sunndalsøra og 80 km til Åndalsnes. Riksveg 660 går gjennom bygda.
Her er ein bilde-serie med div. aktiviteter |
|
|
|
|
|
|
|
|
| Eresfjord ligger på ei fruktbar moreneflate mellom sjøen og Eikesdalsvatnet. Majestetiske Goksøyra (1315 moh) t.h. |


Proffsykkelisten Kurt Asle Arvesen er ekte eresfjording. Og har på sin måte bidratt til den store sykkelinteressa i Eresfjord.

