2019- 2020: Godt Nytt År frå Benken på Brandeinan i Eresfjord

Folksomt og godt humør på Benken ved inngangen til det nye året, 2020. ..klikk på bildet for større.

17.mai 2019

Toget frå Brandeinan 17.mai 2018

31/12-2017: Godt Nytt År frå Benken på Brandeinan

17.mai 2017: Tog med stortromme på Brandeinan

2015-2016:

Godt Nytt År frå Brandeinan Allmue

Brandeinan 17.mai 2015

Hurra, hurra .... pluss Rognhaugvalsen på Brandeinan.
Meir om 17.mai her.

Les også siste nummer av Brandeinan Blad, nr.6

Folkevekst på Brandeinan i 2014

GODT NYTT ÅR frå Benken på Brandeinan

17.mai på benken 2013

Varmt og uvanleg fint på Benken denne 17.mai i 2013.
Som vanleg oppmøte på Benken og start av 17mai-tog litt før kl. 11.00. Med påfølgjande avmarsj til skulen. Undervegs synging av Rognhaugvalsen.

Meir omårets 17.mai finn du her.

2012-2013 Godt Nytt År frå Brandeinan !

28/12- 2012:Trufaste Julebukkar

Det er tredje året på rad at det er besøk av julebukkar på Steinsvoll og Brandeinan.

Også denne gongen med framføring av sang.

Som takk for besøsket fekk dei som seg hør og bør sjokolade.

Sjå ellers frå besøket i 2010.

17.mai 2012:

Som vanleg samling på Benken

GODT NYTT ÅR !

31/12-11: Ein stor og gild flokk markerte overgangen til 2012 på Benken på Brandeinan. Frisk vind, men god stemning både blant dei vaksne og dei yngre. Foto: Arvesen.

17.mai på Benken !

Som vanleg god stemning på Benken på Brandeinan. Her er det klart for avmarsj på 17.mai. Inkludert fotografen var vi 13 stykker som la i veg nedover mot skulen og samfunnshuset i Eresfjord. Der fortsatte vi som del av folketoget som gjekk til Sira Kyrkje.

22/4-11

BASE-hoppar landa på Brandeinan

To BASE-hopparar landa på Brandeinan langfredag i påska. Dei hoppa frå nordtoppen av Goksøyra. Den eine landa på Åse/Øverås, mens dei to andre landa på Steinsvoll og Brandeinan. Den eine var faktisk Jokke, som var med i ekstremsportserien frå Sognefjorden, som har gått på fjernsyn i det siste.

Foto: Per Gunnar Frisvoll

10/4-11

Rydde-dugnad på Steinsvoll

Vårdugnad med rydding av søppel og plast på Steinsvoll vart marakert med kaffeslaberas på Benken på Brandeinan i dag. Restar av rundballeplasten har ein lei tendens til å legge seg både i toppen av trær og utover markene. Vekk med det og alt blir så mykje, mykje meir triveleg !

Hermed går tilsvarande oppmoding også til dei andre grendene i Eresfjord !

Nye folk på Brandeinan

Snev av vårstemning på Benken då vi med kaffe og lefser markerte våre nye innflyttarar.
Per Gunnar Frisvoll og Siw Elisabet Lillebostad flyttar inn på Brandeinan.
Alltid kjekt med nye folk.

Velkomen !

31/12-2010

Nyttår på Benken
Det er tradisjon med samling på Benken på Brandeinan. Slik også i år. Alle var godt kledd og veret med sludd/regn og litt vind gjorde derfor ingen verdens ting. Fyrverkeri gjekk i lufta med både smell og lys !

Flyplass på Brandeinan ...?

6.juni-10:

Søndag ettermiddag var det observert ein gul lavtflygande gjenstand over Brandeinan.

Bakgrunnen skal vere testflyging. Frå informert hald blir det nemleg hevda at det kan bli flyplass her på Brandeinan i Eresfjord. Brandeinan International Airport! Ja, ikkje nok med det, det blir vurdert å kjøpe inn eige fly.

Her ser vi flyet med involverte samt nokre bilder frå flyturen dei var ute på denne søndags ettermiddagen.