Mardøla-2020 - 7 - 8. august

Litt om bakgrunnen:

Vi er ei gruppe i Eresfjord og Eikesdal som har teke initiativet til å markere at det er 50 år sia Mardøla-aksjonen fann stad i 1970.

Dette med ei markering i 2020 som er fredag den 7.august til laurdag 8.august.

Konsert med ISAK og Ella Marie blir laurdagskvelden denne helga.

Vi har halde på med planlegging ganske lenge og 9.august 2019 inviterte vi noen personar til idemyldring i Eikesdal. Der kom det fram mange gode idear og arbeidsmåtar som vi arbeider vidare med.

Vi har stifta eit frivillig lag som har fått namnet Mardøla-2020.

Konto bank: 4100 73 90783Org.nr. 922 148 341VIPPS 57 24 47


Formål:
Markere 50-års jubileum for Mardøla-aksjonen. Samle og formidle informasjon om Mardøla-aksjonen og klassisk naturvern. Bidra til formidling om vern av natur i eit historisk og framtidsretta perspektiv.

Det vi grovt har skissert er blant anna:

  1. Historisk gjennomgang av Mardøla-aksjonen
  2. Kva har skjedd sia 1970 og fram til i dag, trender, kunnskap og forskning.
  3. Klassisk naturvern i dag og klimadebatten. Er det motsetning?
  4. Mardalsfossen må tilbake til si opprinneleg form, full vassføring.

Markeringa blir i Eikesdal 7-8.august 2020. Parallelt med Eikesdalsdagane den 8.august.

Konsert med ISAK og Ella Marie om kvelden laurdag 8/8-2020.

12/5-19: Litt tilbakeblikk frå 1970-åra .. hulter og bulter ....

Mardalsfossen i 1974, siste sommaren den rant med narurleg vassføring.

Info og Fakta om Mardøla