Spelet om Mardøla

Nov-2021: Eit heilt nytt, historisk spel, ein musikal, bygd på hendingane rundt Mardøla-aksjonen, er under arbeid. Tittelen er "Spelet om Mardøla". Både profesjonelle og amatørskodespelarar skal vere med. Ansvarleg arrangør er Mardøla teaterlag. Premieredato er sett til tordag 11. august 2022 og vi planlegg å sette opp spelet også 12, og 13. august med inntil fire førestillingar i alt. Vi håpar å sette opp spelet årleg framover. 

Har du lyst til å bli med? Det trengs folk i alle aldrar og i ulike roller! Skjema for påmelding finn du her.

Det vil bli ein audition på nyåret, og vi gler oss til å sjå deg der.