Eresfjord er ei bygd med ca 350 innbyggarar. Fra 2020 ein del av Molde kommune i Møre og Romsdal.
Bygda er omkransa av steile fjell, sjø og vatn. Her kan du fiske i sjøen, i elva og i vatn. Du kan gå turar og jakte i fjella eller ta ein padletur. Ja, du kan også drive med fjellklatring og basehopping. Om vinteren og våren er området eit eldorado for toppturar på ski. Og for isklatring..
Kjem du sjøveien sjekk Eresfjord Småbåthamn.
Spelet bygger på hendingane under Mardøla-aksjonen i 1970. Det blir nye forestillingar i 9. 10. 11. og 12. august 2023.
"Slaget om fossen" -- høyr podkasten her.
Sjå laksen i Eira -- live streaming
Eresfjord 17.mai 2023:
Eresfjord var ein del av Nesset kommune, frå 2020 innlemma i Molde kommune i Møre og Romsdal. Det er ca 70 km til Molde, 55 km til Sunndalsøra og 80 km til Åndalsnes. Riksveg 660 går gjennom bygda.
Kart over Eresfjord