Øverås Grendalag

Øverås Grendalag har også lysthus med grill.  Trur dette kom på plass i 2015-2016.

Sjå også facebook-sida.

23/6-11

God stemning på St.Hans -feiringa i Eresfjord

På tross av litt duskren og heller lav temperatur var det mykje folk og god stemning under St.Hans-feiringa som Øverås Grendalag arrangert i Eresfjord. Det var både muleg å verme seg rundt bålet og på ferja som var åpna for høvet. Der var det også servereing av rømmegraut.Ellers var det grillmat, loddsalg og spørrekonkurranse. Kanokonkurransen var likevel kveldens store høgdepunkt. Tilsaman stilte det 6 lag frå forskjellige grender i bygda. Her var det full innsats til stor jubel frå land og ikkje minst speaker Johannes Øverås, som spissa det heile til eit stort idrettsarrangement !Det var "Takrenna" ved Bjarte Rød og Karoline Øverås som padla seg til seier i finaleheatet. Og som dermed er klar for å representere Eresfjord under tilsvarande konkurranse under Eikesdalsdagane i august.

Her er fleire bilder frå St.Hans.
Klikk eller dobbeltklikk på første bildet. Og du kan bla deg framover.