Klatreveggen i Nessethallen

Nessethallen og klatreveggen vart ein del av Molde kommune frå 2020 ifb kommunesamanslåinga. Det er Klatregruppa i Eresfjord I.L. som har ansvaret for organisering og sikkerheita i klatreveggen. Det er den signerte avtalen med Nesset kommune frå 2017 som gjeld, då klatreveggen vart bygd og tatt i bruk.

All aktivitet i Nessethallen inkludert klatreveggen er gratis.  I klatreveggen kan du også bruke tau, seler og sko heilt gratis. For å komplettere enda meir, har Nesset utstyrspool kjøpt inn ein del klatreutstyr  i mai 2022.

Reglar for klatreveggen finn du her.

Skjema Ansvarserklæring kan du laste ned her

Om organiseringa og klatrevakter, les her.

Vil du lære mere om risiko og sikkerhet,  les ulykkesrapportene her.

Frå og med 2024; ingen mandagsklatring.  Men vi har åpent Tirsdagar, som er meint for barn saman med foreldre/vaksne. Torsdagar er i utgangspunktet for ungdom og vaksne. Vanlegvis er det god plass på torsdagar, så også barn/foreldre kan kome.

NB! Iflg våre reglar må barn opp til 13 år som vil klatre, vere saman med foreldre/foresatte. Alternativt at ein vaksen person som tar  ansvaret for inntil maks 3 barn

Besøkstall heile 2023: 1607 besøkande fordelt på 134 klatrekveldar. Det blir eit snitt på ca 12 besøk kvar gong.

Litt historikk om Klatreveggen oppdat.pr 31/12-23: kan du lese her.

April-23: Vi har gjennomført Topptaukurs i veke 17. Tilsaman 13 deltakere fordelt på to puljer. Instruktør Axel Kudinoff. 

I løpet av dei 5,5 åra som har gått sia klatreveggen i Nessethallen vart tatt i bruk, så har Klatregruppa i Eresfjord I.L. organisert kurs for tilsaman 70 personar. Fordelt på 9 Brattkort og 61 Topptaukort.

Instruktør Axel Kudinoff.

I haustferien og dagane 11-12.oktober 2021 var det klatrecamp i klatreveggen. Det var Molde kommune som engasjerte klatregruppa som stillte med 4 instruktørar. Tilsaman deltok det 28 barn i alder 9 - 12 år. Stor aktivitet og glede. Her ser vi noen av deltakarane.

13/10-20: Tjelmeland Friksjon har utvida klatreveggen og montert 2 stk autobelayer i regi av Klatregruppa i Eresfjord I.L.

Samla kostnad: kr. 245.312,-

Spleiselag med ekstern finansiering via Romsdalsbanken, Miljøfondet, Norges Klatreforbund samt Kraftfondet. Pluss ein liten del restfinansiering som Klatreguppa i Eresfjord I.L. sjølv har dekt.

Klatreveggen i Nessethallen er 15 meter lang og har ei høgde på litt over 10 meter. Har 15 sikringslinjer.

På facebook er det også ei åpen side.

Det er rikeleg med plass til å skru nye ruter på dei 15 sikringslinjene som er montert i veggen.

Det er Tjelmeland Friksjon som har levert og bygd klatreveggen i Nessethallen.

Litt historie og noen tall:

Klatreveggen i Nessethallen i Eidsvåg vart tatt i bruk i oktober 2017. Klatregruppa i Eresfjord I.L. har tatt på seg ansvaret for sikkerhet og HMS samt organisering av aktiviteten i klatreveggen. Det er laga ein signert avtale mellom klatregruppa og Nesset kommune. I 2018 var det regsistrert 1169 besøk i klatreveggen. I 2019 var det 755 registrete besøk i klatreveggen. Loggførte besøk i koronaåret 2020 viser 683 besøk.  For 2021 er det registrert 845 besøkande. Og i 2022 er 1182 besøk. Dei fleste er barn og ungdom samt noen foreldre.

Samla besøk i 2022 var var altså 1182. Dette fordelt på 95 kveldsøkter a  2 timar, eit gjennomsnitt på 12-13 besøk kvar kveld det har vore åpent

I 2023 steig besøkstalet til 1607 fordelt på 134 kveldar.

På dei 6 første driftsåra etter 2017, er det rundt 700 enkeltpersonar som har signert avtalen om eigenerklæring for klatring i veggen. Det betyr at det har vore like mange forskjellige personar innom veggen for å klatre ein eller fleire gonger.