Inni Huttiheita

Palmehelga 2013: Nok ein gong hausta Eira U.L. stor applaus for sine revykunster.

Som tittelen antyder tok dei 12 aktørarane i ulike roller deg med på store porsjonar med humor og sjølvironi og sterk lokalpatriotisme. Her er avgåtte rådmenn og ordførarar og spreke damer og virile menn på friarføter. Så godt som all tekst er sjølvskreve. Og musikarar frå gamle Stjernen står for det meste av musikken. I tillegg er det ein del lånt muskk.

Klikk dei også inn på serien av 40 bilder, sjå under.

To forestillingar på Eresfjord Samfunnshus med så og seie fulle hus !

Dei 12 som er med på scena:

Anette Øverås, Annlaug Berge, Ingrid Torjuul, Gunn Marit Svensli, Marte M.
Evensen, Jan Bjarne Øverås, Olav Kåre Torjuul, Rune Nesset, Tone Kvamsås, Tor Erik Angvik , Nikoline Naastad, Julie Malene Lange.

Her er ein serie med bilder. Trykk på første bildet for å starte. Bla deg fram med klikk på høyre side av bildet.