Magisk i haustfjellet; Hesthaugtind 2/11- 2019

2/11-19: Nydeleg dag og sesongens første skitur til
Hesthaugtinden 1103 moh.
Dei øvste 300 høgdemetra var det laus fin nysnø.Hærleg! Lenger ned var det utfordrande brøtføre opp Breiskaret. Med start frå
Reitasetra må du bære skia omlag 20 minutt før du når tak i litt snø der du kanspenne på skia.

Haustleg ved Eikesdalsvegen

25.januar 2019: Når januarsola maler i fjella..

26 og 28.oktober 2018: Hesthaugtind- sesongåpning på ski

14.oktober 2018: Snøsmelting og flaumstore bekkar og fosser i Eikesdal.

5/10-2018: Vinterleg i dei høgaste toppane.

28/9-2018: Haust og nysnø

7/8- 2018: Naturens eige smykke

Verdensrekord frå Katthammaren i Eikesdal

14.juli 2018:

Tilsaman 67 BASE-hoppere hiva seg utfor Katthammaren/Strandkolvet i Eikesdal. Forrige rekord satt frå same fjell var i 2010 med 53 hoppere. Det var også tilsvarande i 2009 med 49 hoppere.

Brothers Duo i Sira Kyrkje

23/6-2018: Aldri før har det vore ein slik konsert i Sira kyrkje i Eresfjord. Jaroslav og Daniil Letiagin (12 og 13 år gamle) slo trommer så dei gamle tømmerstokkane i kyrkja skalv! Dei heldige frammøte fekk ei musikkoppleving som dei aldri vil gløyme. Dei to unge spela også på Marimba, 3 meter lange instrument som dei trakterte eit av kvar. Ja dei slo også til firehendig på klaveret.

Konserten i Sira kyrkje var ein del av Nesset Musikkfest. Det var den unge pianisten Olaf Andreas Strand som fekk æra av opne. Han er ein av våre fremste talenter på klassisk muskk og var for kort tid sia kåra til Årets Musiker. Det var magisk å lytte til han i den klangfulle kyrkja.

Vi fekk også høyre Atem strykekvartett i samspel med Ole Christian Haagenrud på klaver. Vakkert og følsomt.

Den trommande avslutninga var det altså dei to unge gutane som stod for. Det var både artig og fenomenalt å sjå og høyre.

Sjå video her.

12.mai 2018:

Eventyrleg brytningstid

Brytningstida som våren representerer er eventyrleg. Full sommar i lavlandet. Liene opp mot høgfjellet blir meir og meir grøn. Elvar og bekkar bruser opp med dunder og brak. Den skarpe og klåre lufta er fantastisk. Du kjenner at du lever!

Klikk på bilda for å få dei større.

Redesign: 22.november 2017 har eresfjord.no fått nytt design på framsida. Litt endra hovedbilde og litt annerleis oppbygging.Forrige gong eresfjord.no vart endra var våren 2010.Håper alle liker den nye nettsida og finn fram like greitt som før.

17.mai i sol og varme

2017: Tradisjonen tru var det tog til og frå Sira kyrkja også i år. Sol og vame gjorde at mange var med. På samfunnshuset var det trøndersodd, kaffe og kaker. Ja og ikkje minst is. Mykje is på ein slik dag som dette.

Sjå fleire bilder også frå Brandeinan.

12/1-17:Fullmåne og lyset på Husmannen

17/5-16:Bua på Husmannen - med flagg 17.mai

....litt meir om bua på Husmannen

21/3-15: Brannøving i Meringdalen

Foto: Vegard Øverås Lied.

14/3-15: Eventyrlege forhold i fjellet

9.jan 2015: Silkeføre og sol !

Frå Kjøvhaugen ein fin novemberdag

17.mai i Eresfjord

2014: God stemning med mykje is i finveret under 17.mai i Eresfjord.

Påskeaften 19/4- 2014: Familiedag på Hundneset

Eresfjord I.L. inviterte til Familiedag på Hundneset påskeaften.

Det var mange som tok turen til Hundneset påskeaften. Dit kom du til ferdig dampa blåskjell med loff og majones. Nokon grilla også blåskjel smaman med pølser og brød. Og det var fiksekonkurranse og natursti. Med andre ord noko for ein kvar smak, både for vaksne og barn.Rett og slett ein suksess ! Anslagsvis var det mellom 70-80 personar med smått og stort. Dei fleste fulgte stien frå Nauste mens andre kom sjøvegen med båt.

Her er Meir info og kart.

Her er ein kort bildeserie frå familiedagen på Hundneset. Klikk på det første bilde og bla deg fram

23/12-13:Førjulsgraut på Hundneset

Det var hauløkt og holkefore på veg utover til Hundneset denne litj-julekvelden, men grauten smaka godt rundt bålet. Ja småkakene som vart servert til kaffen var enda bedre. Så kom fønvinden og på veg heim att hadde ishinna på stien forsvunne. GOD JUL til alle saman !

Filmteam på Katthammaren i Eikesdal

21/10-13:

Det vart vinterlege forhold for filmteamet som i midten av oktober var på Katthammaren / Strandkolvet. Ei gruppe på 10-11 personar hadde base i 2 lavvoar i Bjørkskaret og for å gjere opptak til ein kortfilm med tittelen "Last Base".

Her er noen bildeglimt.

aug-2013:

Gode lokale turtips i UTE-magasinet

Kirsti og Dag Fagerslett har gjeve sine lokale turtips til UTE-magasinet.

Les meir om det her.

Hatte-parade under Skjortarennet !

Hei folkens !

I fjor var det skiklede frå Spitz-tida. Under påskeaften 30.mars-13 blir alle oppmoda til å vere med på hatteparade i Kanndalen. Finn fram hatter fra skap og hyller. Eller bruk fantasien til å lage nye hatter.

Det blir konkurranse og premie til den som stiller opp med den flottaste hatten. Alt er i regi av Vårsol 4 H.

Sjå meir om Skjortarennet .

Sultind / Dølmørhaugen 20/1-13

Opp i sola ! Det er mottoet no om dagen. Utruleg kva magisk verknad dette intense januarlyset har. Rett og slett hærleg. Her er vi i fjellet mellom Vistdal og Eresfjord, nærmare bestemt på Sultind eller også kalla Dølmørhaugen (936 moh) Her er det 360 graders rundskue til alle fjell. Her ser vi mot Ryssdalsnebba og Skjorta.

No om dagen er det knallhard skare som delvis er ispansra. Derfor heilt nødvendig å ha stegjarn og isøks.

Desembersol i Røndølskaret

1 desember 2012: Korte dagar, men fantastisk flotte solgløtt. Her frå Røndølsksaret mot Goksøyra, Skjorta og Lijskjorta.

Sesongstart på ski Jamtetind

28/10-12: Fenomenal dag med sol og knallflotte skiforhold på Jamtetind i dag. Omlag 40-60 cm snø. Og vi var ikkje aleine der. Det kom fleire grupper med skifolk etter oss. Totalt rundt 12-15 pesonar såvidt eg kunne telle.
Merknad: Jørund R.L var der i går, 27/10. Og var altså "først" !
Ellers om forholda; Sjekk bildene til Terje Aamodt !

14/10-12 Nesten vinter på Jamtetind

Ikkje akkurat skiføre. Men sikkert ikkje lenge til. Ca 20 cm nysnø frå 1000 meter og opp hit til Jamtetinden på 1110 moh. Vi ser Skjorta og Ryssdalsnebba beint fram.

27. juli-12

Lomshaugen / Meringdalsetra

Den vesle tjønna ved Lomshaugen ( 600 moh) er utruleg idyllisk. Med Fløtatinden og Vikesaksa i bakgrunnen.
Meir om turen frå Meringdalen i Eresfjord og opp hit finner du her.

17.juni 2012:

Godtemplarhammaren - no som bauta i Godvikja

Bjørn Austigard i aksjon - les meir om seremonien her.

7.juni 2012:

Vargehaugen er Stikk UT post

Stien frå Sulgrova og opp til Vargehaugen er no rydda og merka som Stikk Ut post.
Ein enkel og kort tur med ei fenomenal utsikt. Meir om turen her.

Mai 2012: Vårskitur til Sjøvdøla

Sjå fleire bilder her

20.mai 2012: 263 deltok i Bygda Rundt

God opplsutning om Bygda Rundt også denne gongen. Tilsaman 263 sykla rundt Eresfjord. Les meir her.

2012

17.mai i Eresfjord

Bunad og is og god stemning på trappa ved Eresfjord Samfunnshus

Meir om 17.mai her

7.mai-12

Snev av vår ved Eikesdalsvatnet

15.april-12

Eventyrlege forhold på Kalvgjeltinden

Endeleg vart det ein fin dag med sol ! Og veldige gode snøforhold. Mens det var ein skokk med folk både på Kvitfjellet og på Jamtetinden var eg heilt plett mo aleine på Kalvgjeltinden. Kunne derfor sette min eigen jomfruelege signatur i snøen på veg ned igjen. Ikkje eit einaste anna spor ! For ein dag !Her er utsikta frå toppen. Vi ser mot Vasstindane, Kjøvskardtinden og Kirketaket. Vi ser Vasstindbu som ein liten prikk i skaret midt på bildet.

7.april 2012:

Knallsuksess med Familiedag i Kanndalen

Rundt 150 personar med smått og stort tok turen til Kanndalen i Ersfjord påskeaften. Her er tre blide barn etter målgang. Les mere om Familiedagen i Kanndalen her.

Mars 2012:

Antrekk gammel stil ?

Skjortarennet går påskeaften laurdag 7. april. Og Eresfjord Bygdelag sammen med Vårsol 4H utfordrer folket til å stille opp i "gammel stil" . Det kan for eksempel vere Spitz of Norway, Quinto eller rett og slett skiantrekk frå andre tidsepoker.
Denne muntre gjengen med Unni Reitan, Bente M. Lervold, Hege Jøstad og Tove Krogset sender utfordringa vidare.
Her er det berre å bruke fantasien og still opp i det du vil !

Feb.2012

Mange isklatrere i området i vinter

Området i Eresfjord og Eikesdal har vorte ganske populær for isklatrere. Både norske og utenlandske har vore på besøk i vinter. Her er eit bilde frå islinjene på andre sia av fjorden for Prestneset i Eidsvåg. Nærmare bestemt i fjellpartiet utanfor Erneset.

Svarttinden

22/1-12: Det er berre å slå fast nok ein gong, ein skitur opp til Svarttinden (1094 moh) i Vistdal er utruleg flott. Start på Nerland og følg skogsvegane oppover. I dette området er du også meir i le for eventuell søraust vind. Lett og fint terrneg å gå i.

GODT NYTT ÅR !

Jamtetind 31/12-2011

Som vanleg frisk vind på toppen av Jamtetind (1101 moh). Men ellers fenomenale gode forhold med 60 cm puddersnø. Fjella smiler til deg under slike forhold. Her ser vi Bjarte Rød (tv.) Kurt Asle Arvesen og Emil, pluss Jørund Rasten Leirvoll. Foto: BMØ

Orkanen Dagmar

Jula 2011: Store skadar også i Eresfjord etter orkanen Dagmar sine herjingar. Verkstedbygninga ved Kavli Moen Gård vart totalskadd.

GOD JUL frå Jamtetind

20/12-11 Nok ein gong fenomenale flotte fohold på Jamtetind i Eresfjord. Rett nok ein og anna stein som kan overraske, men pudder og hærleg skikøyring ned att. Her ser vi Bjarte Rød (tv) og Magnus Øverås klar for nedfart. Foto: BMØ

Måneskin over lysløypa

3/9-11

Kavli Moen Gård offisielt åpna

Laurdag 3.september var det offisiell åpning av Kavli Moen Gård i Eresfjord. Det var Fred Kavli sjølv som stod for åpninga. Milliardæren, som bur i USA, har brukt meir enn 30 millionar kroner på å restaurere bygningar og bygge opp barndomsgården til ein hærskapelig gjestegård. Gården har Fred Kavli gitt stiftelsen ansvaret for å drive og forvalte. På den måten har Fred Kavli ment at gjestegården skal være lokalsamfunnets eigedom.

Les meir her.

Haustleg i fjellet

24/8-11

Eresfjord Classic fredag 15.juli kl.18.00

....og selvfølgelig kommer Kurt Asle Arvesen. Han forventer også at mange andre kommer både for å delta og for å heie i dette show-rittet ! Start på Coop Eresfjord og målgang på Fjellgarden på Vistdalsfjellet 500 moh.

Ingen grunn til å nøle med melde seg på til johnbeyer@online.no

Og Mini-classic

som vart arrangert laurdag 16/7: LES MEIR HER

Suksess med Skjortadagen

Tilsammen var det 55 personar som kom seg til topps på Skjorta (1711 moh) påskeaften

23/4-11

Her er det to utruleg godt fornøgde damer på toppen!

Meir om Skjortadagen her.

Folksomt også på Sjøvdøla

Langfredag i påska var det også mange som la turen til Sjøvdøla. I overkant av 25 personar, vil eg tippe.

Påsketeater Boeing Boeing ...

Vellukka framføring palmehelga.

10/4-11

Rydde-dugnad på Steinsvoll

Les meir her.

22/3-11:
Det skjer også litt i småbåthamna i Eresfjord

2/3- 2011

Snev av vårstemning !

12/2-11

Frå Kvitfjellet - i februar-lys !

Kaldt og flott vinterver ! Her frå toppen av Kvitfjellet (1381 moh ) i Eresfjord. Vi ser rett vestover mot Melkallen (heilt til venstre.) Deretter Kjøvskardtinden og Vasstindane. Håndedalen nede i skyggen.Start frå Fjellgarden (høgaste punktet over Vistdalsfjellet) og gå opp på Uglehauagen og vidare sørover Sela og til Kvitfjellet.Dette er ein av dei flottaste turane du kan ta i dette området !Nedrenninga i den vestvendte snøsida ned mot Håndedalen har ofte snø som ikkje er så vindbearbeidd som mange andre stader i samme området. Dette er rett og slett ein fenomenal flott tur !

9/2-10

Ny giv og nytt styre i ERESFJORD BYGDELAG

Meir info her.

25/1-11

Vinter og lav sol !

Livsglede på Jamtetinden

Rett og slett vakkert var det på toppen denne dagen. Uvanleg stille, berre ein liten iskald trekk. Magisk blir det i tllegg når sola sender inn sine lave strålar og lyser opp tindar som Skjorta og Ryssdalsnebba.Skiføret var også bra, i alle fall over skoggrensa. Litt brøtføre lenger ned.

Nyttår på Brandeinan !

31/12- 2010

Som vanleg nyttår på Benken på Brandeinan.

27/12 -10
Julebukk på Brandeinan

Tredje juledag banka det hardt på døra.Jau då. Det var julebukkar som kom på besøk.Tre unge og blide. Dei sang til og med. Før dei fortsatte på si juleferd, fekk dei fyllt opp sekken med litt julegodteri.

Kjekt med slikt besøk !GOD JUL !

16/12-10

Knallgod juleavslutning sammen med kulturskulen !

KIZZ var av dei innslaga under Eresfjord skule si juleavslutning som sjarmerte publikum i Eresfjord Samfunnshus.

Sjå meir her.

17/12-10

Kavli Moen Gård

Kavli Moen Gård har kome med heimside.Der står det:Våren 2011 kan vi ønske våre første gjester velkommen til Kavli Moen Gård. Gjennom en genuin interesse for og kunnskap om mat, drikke og personlig service ønsker vi å skape noe nytt og unikt i den lille bygda Eresfjord i Romsdal.

23/10-10

Sti-kartprosjekt

Kommunevekstprogrammet i Nesset inviterer bygdene til eit sti-og kartprosjekt.

Formål: Lage og merke stiar slik at både fastbuande og besøkande enkelt kan orientere seg og finne fram. Kart og /eller kartblad samt at dette skal vere tilgjengeleg via web /internett er også eit mål

21/10-10:

Sesongstart på ski til Jamtetind

Hærleg på Jamtetind !

Da er skisesongen igong. Ikkje all verdens mengder med snø. Men over tregrensa var det ca 1/2 meter. I skogen gjekk det derfor mildt sagt over stokk og stein. Uansett; det er godt å vere igong !

9/10-10

Hytta / kvilebua på Blåfjellet

Hytteeierforeninga på Meisalfjellet og dei mange andre ivrige entusiastane bak hytta / kvilebua på Blåfjellet (1192 moh) er snart ferdig med prosjektet. Og resultatet er rett og slett imponerande !

Hit bør du ta turen. Med utgangspunkt Meisalvatnet (613 moh) følgjer du merka sti sørover forbi Kvendsetvatnet og vidare opp i Sandvikskaret (804 moh) . Vidare opp nordryggen til Blåfjellet. Her har det allereie vorte eit bra tråkk. Innan eit par timars gåing er du oppe.

29/9-10

Eikesdalsvatnet

Blikkstille og sylklår haustluft. Saue/bækresanking stod på dagsorden. Men det vart også ein fenomenal fin tur.

25/9-10

Ufatteleg flott haustver !

8/9-10

ERESFJORD

Dette er bygda multimiliardæren Fred Kavli snakker om, ref Romsdals Budstikke om den store prisutdelinga av Kavliprisen i Oslo Konserthus tirsdag 7.september -10.

Her er meir om prisutdeling lagt ut på Nesset kommune sine heimesider.

1/9-10

Bjørnsonspelet på Nesset Prestegard:

Regnet holdt seg unna og "Her vokste mine inntrykk" kunne endeleg framførast i på utescena på Nesset Prestegard.

Ikkje langt unna 400 personar såg spelet som hadde 20 innslag med ei blanding av sang, musikk og aktørar som alle viste utdrag og dramatiseringar av Bjørnsontekster.

Oppsettinga er eit samarbeidsprosjekt mellom Bjørnsonfestivalen i Nesset, amatørskuespelarar frå Eidsvåg og Eresfjord, skulebarn og lærarar , Eidsvåg Songlag, musikere frå fleire kulturskular og Møremusikarane.

29/8-10

Kongebesøket på Nesset prestegard

Stor stas og god stemning da Kong Harald besøkte prestegarden.
Her ser vi Kong Harald saman med Fylkesmann Lodve Solholm og ordførar Rolf Jonas Hurlen.

18/8-10

Sommar også i fjellet ... undrer meg på !

Prestaksla-021-red.jpg

Frå Prestaksla (609 moh) med utsikt innover mot Eresfjord. Skjorta og Goksøyra er dei mest markerte fjella.

Utkleiva DSC5182-red.jpg

Dette er frå utløpet ved Stranddalsvatnet (938 moh). Ryssdalsnebba, Frusalen og Skjorta bak.

Mardøla-aksjonen 40 år etter !

Søndag 20. juni 2010 var det markering av at det er 40 år sia striden om Mardalsfossen spissa seg til med aksjon og sivil ulydigheit i Sandgrovbotnen. Desse augustdagane i 1970 vart nok meir spennande og dramataisk enn nokon kunne ane.

Les litt meir om dette her.

20 juni "opnar" også Mardalsfossen sitt sommarslepp. Det varer kvart år fram til 20. august.

Les om Mardøla-aksjonen her.

Slik var det 17.mai på prestegarden

Toget frå "indre" starta ved Buggetunnelen og møtte det andre toget frå "ytre" på Nesset prestegard. Dei fleste hadde sitt første møte med den nye Fjøsen på prestgarden. Her var det godt å få varme seg litt. Ute-tempen var ikkje meir enn akkurat nok !

Edvard Hoem heldt dagens tale. Som bilda viser var det mykje folk og god stemning !

17.mai i Eresfjord (2010)

Årets 17.mai i Eresfjord blir delt i to:

Kl.09-13: Buss til Bugge og 17.mai-tog til Nesset Prestegard
Kl.14-18: Lokalt arrangement på Coop Eresfjord.

I detalj blir det slik:

Kl.09.00: Buss ( 2 stk) frå Coop Eresfjord som går til Ut-Bugge
Kl.09.30: Oppstilling til tog på Ut-Bugge (Parkering av privatbilder på anvist plass)
Kl. 10.00: Toget starter og går til Nesset Prestegard

Her blir det variert program med blant anna: Eresfjord Musikklag og Nesset skolekorps, Felleskor barnehagene og småskolene i kommunen, tale for dagen ved Edvard Hoem , Felleskor mellomtrinnene og ungdomstrinnene i kommunen, Eidsvåg songlag, andakt og allsang. Det blir ymse aktivitetar som: Matsal, rømmegraut, leikar i tunet, film, kafe og utstillingar NRK skal vere tilstades med direktesendingar.

Kl. 13.00 Retur med buss til Coop Eresfjord

Lokalt i Eresfjord blir det omlag slik: Coop Eresfjord

Ca kl. 14.00 Barneleikar,

Natursti

Matservering

Eresfjord Musikklag

25/4-10:

Blåskjell på Hundneset

Millionvis av flotte blåskjell på Hundneset. Men obs; dei er giftige !

Årsak: Alexandrium langt over faregrensen, ref Mattilsynet.

7/4-10:

Velkomen til Eresfjord si nye heimeside.

Den forrige var enkel og grei i starten. Men etter kvart svært uryddig og vanskeleg å finne fram i. Denne nye håper eg skal vere informativ og nyttig.
Klikk i veg og lykke til !

Bjørn Magne Øverås