Eresfjord Nasjonalparkinfo og Turistinformasjon
Eresfjord Nasjonalparkinfo
ligger i Coop Eresfjord sine lokaler og vart oppretta sommaren 2011. Det var eit samarbeid med iNasjonalparker. Og er i utgangspunktet sjølvbetjent. Oppbygginga er finansiert ved hjelp av Miljøfondet, Utviklingsfondet og Kraftfondet i Nesset.
I sommarmånadene er Eira Husflid sitt utsal betjent og har også funksjonen som turistinformasjon. Samme betjenining er meint også å kunne informere og veilede om Dovrefjell og Sunndalsfjella Nasjonalpark.
Om den unike villreinen kan du lese her.
Forvaltningsplana for Dovrefjellområdet kan du lese om her.
( iNasjonalparker vart nedlagt på slutten av 2016. Men har ingen verknad på Eresfjord Nasjonalparkinfo. Det er utarbeidd ny besøksstrategi for Dovrefjell. Vart godkjent i oktober 2021. Les meir om dette her.
Ny forvaltningsplan for dei verna områda i Dovrefjellområdet er starta opp i 2022.
Kva er Eresfjord Nasjonalparkinfo ?
Jau, det er ei enkel utstilling med bilder og tekst som informerer om Dovrefjell - Sunndalsfjella Nasjonalpark. Inkludert naturresursar, natur-og kulturhistoriske verdiar, samt tilstøtande bygder sine tradisjonar knytt til naturen.
Og om dei mange friluftsaktivitetane som kan utøvast i dette området.
Om Mardalsfossen finn du meir informasjon her.
Utstillinga er delt inn i 4 temaer; Eiralaks, Helleristningar, Mardalsfossen og Fjell møter sjø. Under kvart tema er det bildeseriar som rullar kontinuerleg med informasjon.Last ned faktaark for dei enkelte temaene her.