Om Fjelltrimmen

Fjelltrimmen er eit tiltak i regi av Trimgruppa i Eresfjord Idrettslag. Her er både korte og litt lengre turar. Alle turmåla har merka stiar og du finn også kart med GPS-spor. Alt er sjølsagt åpent for alle. Men premiering går kun til dei som er medlemmar i Eresfjord Idrettslag.  Vaksne må ha besøkt alle 12 trimpostane, barn 6 av dei for å bli "premiert".

Derfor, meld deg inn i idrettslaget, pakk sekken og kom deg ut på tur ! Klikk på linkane lenger ned for meir informasjon om kvar tur.

Sesongen startar kvart år 1.september og varer fram til 31.august                     

14/11-23: Klubbkveld med mange stolte barn i Eresfjord

God rekruttering til skiaktivitet i Eresfjord. Her ser vi omlag 20 av dei 32 som var med på skitrimmen sist vinter. Alle vart  premiert.

Det var ein gild gjeng med barn, ungdom og foreldre som møtte fram på klubbkvelden til Eresfjord Idrettslag tirsdag 14.november.

Skitrimmen

Her var det premiering av skitrimmen sist frå vinter. Ikkje mindre enn 32 barn har vore med. Det borgar for god rekruttering til skiaktivitet i åra som kjem. Eresfjord og Vistdal skisenter er eit fantastisk flott område til dette.

Sykkeltrimmen var det også utdeling av premiar for. Her var det flest vaksne som hadde regsistrert seg på dei 6 postande rundt om i bygda. Tilsaman 457 besøk fordelt på 46 personar.

Fjelltrimmen har 12 postar med både korte og lange turar du kan besøke. Samla registrerte besøk for sesongen 2022-2023 var 1950 besøk. Av desse utgjorde bygdefolket 609 besøk. Det er Nakkjin som har flest, tilsman nesten 500. Deretter kjem Hundneset med 330 og Vardfjellet med 233.

Blant dei vaksne var Per Einar Strand på topp med 86 besøk og 1030 poeng. Deretter Marianne Nauste med 94 turar og 845 poeng. Tredjeplass til Berit Torjuul med 73 besøk og 615 poeng.

Det var tilsaman 6 vaksne som hadde besøkt alle 12 Fjelltrim-postane. Premiering var dei nye Calzo-karta for vårt lokale fjellområde.

Blant barna var det 9 stk. Her er krava minst 6 av dei 12 postane. Othelia Alexander var på topp med 14 besøk og 130 poeng. Ho hadde også alle 12 postar. Deretter kom William Jørstad og Markus Arvesen.

Premie; sykkellykt og baklys til alle saman.

Elles vanka det gavekort på kr 400 til sju personar. Trekt ut blant dei frammøtte i ungdomshuset Skogly denne kvelden. Det var fullsatt sal.

Aktiviteten i klatreveggen i Nessethallen vart omtala. Men ingen spesiell premiering denne gongen. Det er onsdagsklatringa som er reservert for dei frå Eresfjord og Eikesdal. Og da er det ofte stappfullt med mellom 20 og 30 frammøte. Det er Klatregruppa i Eresfjord I.L. som har ansvaret for denne aktiviteten.

Klatreveggen har også åpent på kveldstid tirsdagar og torsdagar. Ja av og til også på mandagar.

Første halvår -23 viser at det har vore 750 besøkande fordelt på 76 kveldar.

Sia åpninga av klatreveggen hausten 2017 har det vore ca 5000 besøkande. Og det er halde klatrekurs for 81 personar.

 

Last ned resultater Fjelltrimmen vaksne

Fjelltrimmen barn

Fjelltrimmen; 7 av dei 9 som hadde besøk på minst 6 av dei 12 postane. 

Ny sesong 2023-2024 Fjelltrimmen

7/9-23: Da er vi igang med ny sesong for Fjelltrimmen i Eresfjord. Nye bøker vil bli lagt ut fortløpande. Her frå Goksøyra og Ufsalen. Hausten kan by på mange fine opplevingar i fjellet. Så det er berre å komme seg ut.

Klubbkveld Eresfjord Idrettslag 1 des 2022

Premiering av skitrimmen sist vinter i regi av Eresfjord I.L. stod på programmet for klubbkvelden i unhdomshuset Skogly. Her ser vi 7 av dei 30 barna som har deltatt, stolt motta sine pokalar.

Frå venstre Klara Kristiansen, Inga Ranvik, Markus Arvesen og William Jørstad. Bak står Anna K. Nauste, Nelly Alexander og Othelia Alexander. Bjarte Rød stod for utdelinga.

Tilsaman var det 332 registrerte turar i skitrimmen. Fordelt på 83 personar, eit snitt på 25 kvar gong, kunne Bjarte Rød fortelje. Og 30 av desse var altså under 16 år.

 

Sykkeltrimmen, er ein anna aktivitet med  6 postar du kan besøkje. Buggetunnelen, Godvikja, Meringdalen, Viketunnelen, Storsvingen og Fjellgarden på Vistdalsheia. Her var det 347 besøk fordelt på 43 personar. Godvikja har hatt flest besøk med 198, og 40 av desse er det Asbjørg Lervold som har. Og som seg hør og bør fekk gavekort. Det same også til Annlaug Berge og Wenche Hoem som var av dei få som har sykla opp til Fjellgarden. Blant dei yngste var det også 3 som har  sykla til toppen av Vistdalsheia, og dermed vart premiert.

 

Onsdagsklatringa i Nessethallen for eresfjordingar og eikesdalingar har jamt hatt 13-14 barn som har deltatt. Her blir det medaljer på alle saman.  Det er 5 år sia klatreveggen i Nessethallen vart tatt i bruk. I tillegg til onsdagsklatringa er det også åpent 2 timar kvar tysdag og torsdag.  I løpet av desse 5 åra er det registrert 4578 besøk i klatreveggen. Berre no i 2022 har det vore 1126 personar som har vore innom i løpet av dei 88 gongane det har vore åpent. Blir eit bra snitt på rundt 13 personar kvar gong.

 

Mareno Nauste som 26 åring i 1978. Like sprek i dag som 70-åring og "vinnar" av Fjelltrimmen.

Fjelltrimmen i Eresfjord er ein tradisjonell trimaktivitet som har vore i fleire tiår. For dei vaksne gjeld det å besøkje alle 12 postane i løpet av ein sesong. Som vanleg kniving om poeng og antall turar.

I sesongen 2021-2022 var det eldstemann i flokken, Mareno Nauste på vel 70 år, som tok seieren. Dette med 1000 poeng og 93 turar. Berre 40 poeng framom Per Einar Strand med 960 poeng og 86 turar.

Det var 8 personar som har besøkt dei 12 postane. Premiar var boka «Fjellene har meg nå», signert av forfattaren Stein P. Aasheim.

Blant barna er det premiering til dei som har vore innom 6 av postane. I år var dette 6 barn. Othelia og Nelly Alexander, Silje Marie Øverås, Anna K. Nauste, Jenny Øverås og William Jørstad.

Kombimatboks med kopp, fat, kniv og gaffel og diverse, samt ein pose Real turmat.

Last ned resultata med poeng---

dei vaksne finn du her  .. barna her.

 

Sucomtrimmen med premie på kr. 5000,- vart i år trekt ut til Mona Kvamsås

 

Fjelltrimmen 2022-2023.

Det er dei same 12 postane som før. Men forrige sesong vart det ny post på Forhaugstølen i Kvidalen.

Her ser du gjeldande Fjelltrim-postane.  God tur!

Resultater Fjelltrimmen 2020-2021

Opptellinga av Fjelltrimmen for 2020-2021 viser at det er 12 vaksne som har vore innom alle 12 postane. I tillegg er det 10 barn som har vore innom minst 6 av postane.

Namn, poeng og premiering vart gjort kjent under klubbkvelden mandag 15/11-21.

 

Samla var det denne sesongen 2687 personar som har skreve seg inn i Fjelltrimbøkene. Av desse viser grovtellinga at det er minst 1105 bygdafolk, barn og vaksne.

Førre sesong var samla besøkstal 3072.

Det er Nakkjin som har flest besøk, totalt 489. Deretter kjem Hundneset med 432, Vardfjellet 362 og Goksøyra 298.

 

Det var også premiering av Skitrimmen og Sykkeltrimmen.  Sjå lenger ned.

 

Sjå også resultatet av trekninga av SUCOM-TRIMMEN

 

Her er dei 12 vaksne som har besøkt alle postane, sortert etter poeng.

Last ned heile oversikta her

NamnAntall besøkPoeng
Per Einar Strand901010
Torjuul, Berit89910
Marianne Nauste97905
Tone Kvamsås73630
Anne Mette Jørstad43395
Bjørn C Alexander33325
Annlaug Berge29285
Bjarte Rød28280
Lene Roti23205
Kåre Jørstad19190
Olise Alexander19175
Tove Marie Krogset16155
Barn: Oversikt over namn og poeng for dei 12 barna som har besøkt minst 6 av postane ... finn du her.

 

Resultat av Skitrimmen vinteren 2021, viste at det var tilsaman 75 barn og vaksne som har vore med. Den største deltakinga var første kvelden med 40 personar. Deretter varierte det mellom 25 - 30. Barna vart premiert med medaljer og grillspyd. Skitrimmen går på Eresfjord og Vistdal skisenter og den flotte lysløypa der, på fjellet mellom Eresfjord og Vistdal.

Sykkeltrimmen har hatt 443 besøk fordelt på 54 personar. Den mest besøkte posten er Godvikja med 259. Ellers har Bugge 52, Storsvingen 36, Meringdalen 31 og Fjellgarden 18 besøk. Det var 3 personar som har vore innom alle postane. Annlaug Berge toppa statistikken med 95 turar. Elles var det Mareno Nauste og Wenche Hoem med besøk på alle 5 sykkelpostane. Her vanka det gavekort som premiar.

Barna har også hatt sine eigne sykkelpostar. Her var det 4 barn som har vore innom alle 3 postar.

Fjelltrimmen 2019 -2020 -- resultater er publisert i samband med Familiedagen på Torhusvatnet søndag 21.februar 2021.

Sjå bilder her ....  og Resultater og poeng her.

13/11-19: Klubbkveld med premiering

Fjelltrimmen 2018-2019 viser at det samla var 3072 besøk fordelt på dei 12 trimpostane. Av dette var det 1497 frå Eresfjord. Av bygdafolk var det 125 forskjellige vaksne og 43 barn som har skreve seg inn i trimbøkene. Av dei vaksne med besøk på alle 12 postar var det Berit Torjuul som skora flest besøk med 820 poeng. Rett bak kom Bjørn C. Alexander med 720 poeng og Tone Kvamsås med 675 poeng. Likevel, Marianne Nauste som ikkje fekk fullført alle 12 postane, skora 1005 poeng med sin 10 besøkte postar. Det var 9 vaksne som har besøkt alle 12 postar og 10 barn som har besøkt minst 6 av dei 12 postane. Hundneset var den desidert mest besøkte posten med 607 besøk, deretter Nakkjin med 540 og Naustestera med 327 besøk. Her kan du sjå den fullstendige lista med besøk sortert etter poeng for dei vaksne. Kolonne med verdien SANN betyr at dei har besøkt alle 12 postar. Tilsvarande liste over besøk av barn finn du her. Lenger ned oversikt dei med 12 og 6 postar.

3.okt-19: Vardfjellet, litt omlegging av stien

Mellom Nakken og Vardfjellet har det vore eit veldig blautt parti der du krysser kraftlinja. Her er stien lagt om, rydda og merka slik at du no kan gå i adskillig tørare terreng. Den nye stien passerer ved dei to kraftmastene. Og er berre 45-50 meter lenger enn ved å gå i blautmyra. Dette er den opprinnelege stivarianten som Egil Arvesen i si tid merka. Det er også noen blaute parti lenger opp mot Vardfjellet, her vurderer vi å legge ut tre-klopper eller tilsvarande.

2.sept.-19: Velkommen til ny sesong i Fjelltrimmen

Fjelltrimmen 2018-2019 var over 31.august. Ny sesong for 2019-2020 starta 1.september.

Pr.8/9 har alle 12 postar fått nye Fjelltrimbøker. Da er det berre å pakke sekken å legge ut på tur i haustveret.

Trimpostene er dei same som før:

RESULTATER Fjelltrimmen 2017-2018

14/10-18: Da er alle 12 Fjelltrimbøkene i regi av Trimgruppa i Eresfjord I.L. tellt opp. Dei viser at det i sesongen frå 1.sept-2017 til 1.sept.2018 har vore 3282 besøk. Av desse er det 1894 besøk av "bygdafolk", herav 306 barn.

Tala viser ellers at det har vore 105 vaksne enkeltpersonar frå Eresfjord og 36 born som har skreve seg inn i Fjelltrimbøkene ein gong eller meir.

Det var 15 barn som har besøkt minst 6 av Fjelltrimpostane. Blant dei vaksne var det 11 som har besøkt alle 12 postar

Fjelltrimmen 2017-2018


Hundneset649
Nakkjin505
Naustesetra386
Vardfjellet328
Kanndalen279
Goksøyra239
Nordmørsskaret196
Vargehaugen177
Ufsalen161
Madsvarden135
Stortolla124
Lomshaugen100

Under klubbkvelden i Skogly 6.november 2018

vart dei med flest poeng premiert med gavekort a kr.500,- I tillegg fekk alle kvar kvar sine termosflasker.

Oversikt alle BARN med poeng, sjå her.

Oversikt VAKSNE med poeng, sjå he

Om vnnaren av Sucomtrimmen kan du lese her

Sykkeltrimmen hadde trekking av 4 gavekort a kr.300. Tilsaman var det registrert 305 besøk av "bygdafolk" fordelt på 56 forskjellige personar. Både barn og vaksne.
Godvikja toppar statistikken med 123 besøk.

Ellers kunne Mareno Nauste fortelje at det i Storsvingen var registrert 15 forskjellige nasjonar i boka. Men blant dei var nok dei aller fleste uten sykkel!

Skitrimmen 2018

Det var også utdeling av premiar til dei mange barna som deltok på Skitrimmen vinteren 2018.

Fjelltrimmen 2018-2019

1.september 2018: Da er det klart for ny sesong i Fjelltrmmen. Pr.10/9 er det kome på plass nye turbøker på alle trimpostane.
Det er dei same 12 trimpostane som 2017-2018-sesongen.
GOD TUR !


Goksøyra;

Ny bok lagt ut 5/9-18.
Det er 228 som har registrert seg i boka den siste sesongen.
Les om turen her.

Ufsalen:

Ny bok lagt ut 5/9-18.
Her er det 161 som har registrert seg i boka den siste sesongen.
Les om turen her.

Lomshaugen:

Ny bok lagt ut 6/9-18
Her var det 92 som har registrert seg i i boka den siste seongen.
Les om turen her.

Vargehaugen:
Her det det 146 registrerte besøk siste sesong.

Les om turen her.

Hundneset:
Her har det vore 548 registrerte besøk.

Les om turen her.

Nakken:
Her har det vore 469 besøk.

Les om turen her.

Vardfjellet:
Her har det vore 315 besøk

Les om turen her.

Nordmørsskaret:
Her har det vore 178 besøk.

Pluss at Stikk Ut har nesten 500 registrerte namn i sommarsesongen.

Les om turen her.

Madsvarden:

Her har det vore 128 besøk
Les om turen her.

Kanndalen:

Her har det vore 248 besøk.

Naustesetra:

Her har det vore 356 besøk

Les om turen her.

Stortolla på Vike:

Les om turen her.

Fjelltimmen 2018-2019

har følgjande 12 turmål :

Fjelltrimmen 2017-2018 Antall poeng
Vargehaugen 5
Nordmørsskaret 5
Naustesetra 10
Hundneset 5
Nakken 10
Vardfjellet 15
Kanndalen
5
Ufsalen 10
Goksøyra 20
Lomshaugen 15
Madsvarden
15
Stortolla på Vike
5

Resultater Fjelltrimmen 2016- 2017

Av medlemmane i Eresfjord I.L. var det denne sesongen 12 (korr.des-17) vaksne som hadde besøkt alle 12 postar i Fjelltrimmen. Blant dei mange barna var det 13 av dei som hadde 6 postar eller meir.

Gjennomgang av «trimbøkene» viste at det var tilsaman 1625 besøk av bygdefolk.

Fleste besøk hadde Naustesetra med 321 besøk. Hundneset hadde 292 og Nakkjin 252 noterte besøk.

Likt med tidlegare år var det Wenche Hoem som hadde flest poeng også denne sesongen, med 1325 poeng. Blant anna 90 besøk på Nakkjin og 14 på Vardfjellet og tilsaman 129 turar og besøk på dei forskjellige postane.

Det var tilsmanan 213 forskjellige personar som hadde skreve seg inn i Fjelltrim-bøkene.

Silje Marie Øverås toppa statistikken blant barna med 125 poeng. Ho hadde besøkt 8 postar og har registrert 15 turar.

Premiering og trekking av gavepremiar vart gjort under klubbkvelden i ungdomshuset Skogly onsdag 8.november. Her var det også premiering av Skitrimmen, Sykkeltrimmen og Sucomtrimmen.

Her er besøkstale dei to siste sesongane.

Trimpost2015-20162016-2017
Nakkin892252
Hundneset680292
Naustesetra427321
Vardfjellet415148
Kanndalen359152
Vargehaugen15897
Ufsalen17996
Vargehola10996
Goksøyra16338
Lomshaugen14325
Nordmørsskaret53
Røndølskaret18955

Lavare besøkstal kan også skuldast måten vi har telt på.

Nokon av postane er berre medlemane telt opp.

Skitrimmen hadde siste sesong 13 renn og tilsaman 51 personar og 196 registreringar.

Det var 12 av barna som hadde deltatt minst 5 renn og gjorde seg fortjent til premeiering.

På Sykkeltrimmen var det 65 forskjellige personar som hadde registrert seg på dei 6 trimpostane.

Tilsaman var det 309 besøk. Godvikja toppar besøket med 150 registreringar.

Til Sucomtrimmen var det 30 som hadde registrert seg, 2 meir enn i fjor.

Den heldige uttrekte vinnaren av kr. 5000,- var Linda Hoem Vassli.

Her må du ha minst 10 registreringar på ein Fjelltrimpost eller ha besøkt 6 av dei 12 postane.

Vaksne: 11 stk

Poeng

Tal poster

Hoem, Wenche

1325

12

Nauste, Marianne

1015

12

Kvamsås, Tone

765

12

Annlaug Berge

655

12

Krogset, Tove

510

12

Strand, Per Einar

350

12

Øverås, Bjørn Magne

345

12

Jørstad, Anne Mette

315

12

Karoline Øverås

295

12

Øyen, Gunn

280

12

Bjarte Rød

140

12

Lene Roti

105

12

Barn med nok poster 13 stk

Poeng

Tal poster

Øverås, Silje Marie

125

8

Nauste, Anna K

110

7

Nauste, Martin K

105

7

Hamre, Ingunn

100

9

Aarstad, Mattias Ø

90

7

Hoem, Ariel S

80

7

Alexander, Othelia

70

6

Hamre, Line

70

6

Hoem, Aron S

70

7

Alexander, Nelly

65

6

Hamre, Grete

55

6

Krogset, Anders

55

6
Jørstad, William506

1.september 2017:

Ny sesong med Fjelltrimmen

Da er det klart for ein ny sesong, 2017-2018, med Fjelltrimmen i regi av Eresfjord I.L.

Nytt denne gongen er vi har bytta ut Vargehola på Åse med ein ny post ved Stortolla på Vike. Kasse og bok kom på plass 7/9-17. Kort og fin tur, ligger på 368 moh. Kort informasjon om turen finn du her.

I tillegg er det ny post på Madsvarden. For at det framleis skal vere 12 trimpostar går derfor Røndølskaret ut. Kasse og bok vart montert og lagt ut 18.september -17.

Utsiktfrå Stortolla mot Homeskaret og Gjurtatinden.Sesongens ( 1/9-17 --31/8-18) Fjelltrimposter ser derfor slik ut:

5 poeng
Hundneset

Stortolla på Vike

(ny 2017)



Nordmørsskaret

Vargehaugen (ny post 2015..

Kanndalen
10 poeng
Naustesetra

Nakken

Ufsalen
15 poeng
Madsvarden

(ny 2017)



Lomshaugen / Meringdalsetra

Vardfjellet
20 poeng
Goksøyra

Nordmørsskaret

Nordmørsskaret er ny post i Fjelltrimmen. Den erstattar Tråbrauta som dermed går ut.

Posten i Nordmørsskaret er den same som Stikk UT.Du starter frå Gaddhaugen i Kanndalen og følgjer merka sti 2,5 km fram til det første vesle vatnet i Nordmørsskaret.

Fjelltrimmen frå 1/9-2016 ser derfor slik ut:

Poengene fordeles slik:

Etter endt sesong (31.august) får jente under 15 år, gutt under 15 år og dame og mann med flest poeng samenlagt, en "bestemanns-premie"

Alle som har besøkt alle postene får premie.

Barn under 15 år må ha registrert seg på minimum 6 poster.

Du oppnår flest poeng på dei lengste turane. Sjå lenger ned. Kart og GPS-sporing får du ved å klikke på namna.

Detaljer om andre turar i Nesset kan du finne her.

EIL Klubbkveld 9.des-16

- med Fjelltrimmen, Sykkeltrimmen og Sucom-trimmen

Fjelltrimmen : Her er noen av dei 15 barna som vart premiert for å ha vore på minst 6 av dei 12 postane.I år var premien nye luer og multihals med logo av Skjorta og påtrykt"Eresfjord I.L. Trimgruppa"

Fjelltrimmen 2015-2016

I sesongen 2015-2016 var det 14 vaksne og 15 barn som oppfyllte krava for premiering.

Av barna var det Anna Krogset Nauste som toppa tabellen med 26 turar/180 poeng. Blant ungdommen var det Thea Krogset Nauste som sanka flest poeng. Ho hadde tilsaman 36 turar/255 poeng. Av dei vaksne var det nok ein gong uslåelege Wenche Hoem med 156 turar/1635 poeng.

Tilsaman var det 3831 besøk på dei 12 postane i Fjelltrimmen.

Du kan sjå alle resultata her. ...berre dei med medlemskap i EIL er kome med.

Fordeling på dei ymse postane ser slik ut:


ANSR 2015-2016 2014-2015
Nakkjin
892
486
Hundneset
680
359
Naustesetra
427
355
Vardfjellet
415
301
Kanndalen
359
230
Tråbrauta
144
170
Vargehaugen
158

Ufsalen
179
143
Vargehola
109
115
Goksøyra
163
69
Røndølskaret
189
69
Lomshaugen
143
67

Om Sykkeltrimmen kan du lese her.

Sucomtrimmen 2016

Den heldige uttrekte vinnaren av Sucomtrimmen vart Ingunn Nauste Hamre. Kjekt å få ein sjekk på kr.5000,-

Kva Sucomtrimmen er kan du lese meir om her.

Fjelltrimmen 2014-2015

22.nov-15: Stor stas da Eresfjord I.L. delte ut krus for Fjelltrimmen og premie for skitrimmen for forrige sesong.
35 barn og 28 vaksne har gjort seg fortjent til kruset i Fjelltrimmen.


Her er ein gjeng glade barn som mottok både Fjelltrimkrus og Skitrim-premie.
Skitrimmen delte ut premiar til 25 barn som bevis for si deltaking i lysløypa på Skisentret på Lomstjønna vinteren 2015.

Fjelltrimmen har i 2014-2015 totalt hatt 4396 besøk fordelt på 12 trimpostar. Av dette er det 2522 besøk som fordeler seg på medlemmer i Eresfjord I.L: 100 vaksne og 56 barn.

Som forrige sesong er det Wenche Hoem som har hatt flest turar. Tilsaman 211 turar og 2235 poeng. Nakkjin har aleine hatt totalt 486 besøk og er den posten som toppar statistikken blant dei 12 Fjelltrimpostane i Eresfjord.

Av dei 56 deltakende barna er det 35 som har vore på minimum 6 postar og fekk dermed utdelt Fjelltrimkruset. Av dei 100 vaksne er det 28 som har vore innom alle 12 postar og fekk kruset.

Sjå tabell med besøk fordelt på dei enkelte trimpostane. (med forbehald om reknefeil)

Nakkjin
486
Hundneset
359
Naustesetra
355
Vardfjellet
301
Kanndalen
230
Tråbrauta
170
Enkjå
158
Ufsalen
143
Vargehola
115
Goksøyra
69
Røndølskaret
69
Lomshaugen
67

Nakkjin har hatt 486 besøk av "fjordingar" som er medlemmer i Eresfjord I.L.

Ny rekord i Fjelltrimmen med 4974 besøk

Nov-14: Fjelltrimsesongen i Eresfjod I.L. 2013-2014 har satt ny rekord med 4974 besøk. 50 personar har besøkt alle 12 postane. Wenche Hoem er suveren vinnar med flest poeng, heile 3165 poeng. Blant anna med 192 gonger på Nakken og 43 på Vardfjellet og 22 gonger på Ufsalen ! Tilsaman 314 unike besøk, eller turar om du vil !

Sesongen 2013-2014 har samla besøk på 4974. Dette er 1255 fleire besøk enn forrige sesong.
Her er fordelinga på dei forskjellige 12 postane.

Trimpost
Total besøk
Herav "fjordingar"
Nakken
1268
1063
Hundeset
1005
752
Naustesetra
552
444
Vardfjellet
416
315
Kanndalen
355
258
Ufsalen
263
238
Vargehola
254
167
Tråbrauta
245
215
Lomshaugen
226
84
Goksøyra
142
64
Røndølskaret
134
71
Enkjå
96
87
Namn
Antall turer
Poeng
Wenche Hoem
314 3165
Annlaug Berge
174 1860
Hildegunn Frisvoll
165 1590
Per Einar Strand
171 1470
Marianne Nauste
135 1305
Karoline Øverås
93 980
Tone Kvamsås
90 945
Berit Torjuul
118 870
Kenneth Nauste
82 830
Silje Fjelstad
77 715


Årets Fjelltrimmere med flest poeng 2013-2014:
Her er dei 12 på topp !

Jente og gut under 16 år:
Silje Fjelstad: 715 poeng fordelt på 77 turar.
Heine Fjelstad med 430 poeng fordelt på 46 turar.

Tilsammen var det 240 forskjellige personar med medlemskap i Eresfjord I.L. som har deltatt på Fjelltrimmen denne sesongen.

3719 besøk i Fjelltrimmen 2012-2013

Nakken (bildet) er den trimposten i Eresfjord som har hatt mest besøk i sesongen 2012-2013. Tilsamen 777 besøk Av desse har Weche Hoem 109 besøk ! Det er likevel Annlaug Berge som med sine 1915 poeng har sanka mest poeng totalt i Fjelltrimmen.

Ellers viser tala at det totalt denne sesongen var 3719 besøk. Dette er rundt 2000 fleire enn i 2011-2012.

Av desse er det altså 2612 besøk av "fjordingar, fordelt på tilsaman 226 personar, herav 58 barn.

Her ser du fordelinga på dei 12 trimpostane.

Trimpost Tal besøk totalt Herav "Fjordingar"
Kandalen 473 317
Lomshaugen 189 80
Enkjå 150 118
Vardfjellet 396 286
Røndølskaret 108 48
Goksøyra 115 52
Naustesetra 416 306
Ufsalen 190 135
Tråbrauta 178 177
Varghola 139 122
Nakken 777 619
Hundneset 588 352
SUM 3719 2612

Under ser du sesongens "Fjelltrimmere" som har besøkt alle 12 postane. Barn må ha minst 6 besøk.

Barn

Peder Ernes, Silje Fjelstad, Heine Fjeldstad, Marita Nauste Hamre, Ingunn Nauste Hamre, Marie Hånde, Serine Hånde, Martine Jørstad, Ingeborg Eide Lervoll, Henrik Viken Lied,Håvard Viken Lied, Julie Alexandra Melås, Thea Krogset Nauste, Martin Krogset Nauste, Anette Nerås,Milan Steinsvoll, Ingrid Torjuul, Linda Hoem Vassli, Ola Øverås, Emma Øverås og Johannes Øverås

Voksne;

Annlaug Berge, Hildegunn Frisvoll, Jan Frode Frisvoll, Kristine Frisvoll, Laila Hånde, Wenche Hoem,Anne Mette Jørstad, Tone Kvamsås, Tove Krogset, Marianne Nauste, Bjarte Rød, Marianne Reitan ,Kirsti Heggset Ranvik, Jorunn Elin Solhjell, Per Einar Strand og Karolione Øverås.

Årets Fjelltrimmere, dei med flest poeng:

Jente under 16 år ble Emma Øverås med 255 poeng
Gutt under 16 år ble Johannes Øverås med 585 poeng
Dame ble Annlaug Berge med 1915 poeng
Herre ble Per Einar Strand med 790 poeng

Tabellen til høgre viser 10 på topp !

Poeng
1945
1795
835
830
790
700
690
585
560
540

Fjelltrimmen

- er eit opplegg i regi av Eresfjord I.L. Her er både korte og litt lengre turar. Alle turmåla har merka stiar og du finn også kart med GPS-spor. Alt er sjølsagt åpent for alle. Men premiering går kun til dei som er medlemmar i Eresfjord Idrettslag.

Derfor, meld deg inn i idrettslaget, pakk sekken og kom deg ut på tur ! Klikk på linkane lenger ned for meir informasjon om kvar tur.

Fjelltrimmen

Resultater
Nytt frå 2015: Frå sesongen 2015-2016 har Vargehaugen kome til som ny post. Erstattar Enkjå som er tatt ut. . Du oppnår flest poeng på dei lengste turane. Sjå lenger ned.

Etter endt sesong (31.august) får jente under 15 år, gutt under 15 år og dame og mann med flest poeng samenlagt, en "bestemanns-premie" Alle som har besøkt alle postene får krus. Barn under 15 år må ha registrert seg på minimum 6 poster.

På SKI

Frå Vargehaugen / Kvithammaren 12.oktober 2012. Skjorta og Goksøyra midt på bildet.