Om Mardøla-2020


I vinter er det 40 år sidan Alta-aksjonen. Den største og mest markante aksjon for vern av natur og mot øydelegging av næringsgrunnlaget for samebefolkninga i Norge. 

Ti år før dette, i 1970 aksjonerte naturvernarar, akademikarar og lokale bygdefolk i fjellet over Mardalsfossen.
Ein ville stanse bygginga av anleggs-vegen som var starten på utbygginga av Grytten-anlegget og tørrlegging av Mardalsfossen. 

På mange måtar var Mardøla-aksjonen ein forløpar for aksjonane i Alta og kan ha medverka til at bygdene i Masi i Finnmark ikkje vart neddemt.
Mardøla-aksjonen var første gongen ein kjenner til at urbane naturvernarar, bønder og bygdefolk gjekk saman i ein ikkje-valdeleg sivil ulydnadsaksjon i kamp for natur og naturressursar.
Ja, dette skal vere den første aksjonen i sitt slag i verden. Fleire markante personar var med saman med bygdefoket i 1970, som for eksempel filosofane Arne Næss og Sigmund Kvaløy Sætreng.

Ved å løfte fram hendingane for 50 år sidan ynskjer
vi ikkje berre å fortelje historia om aksjonen, men også sjå på korleis dette har innverka på samfunnsdebatten i tida etter og fram til dagens miljø- og klimadebatt.

Initiativet til å markere at det i 2020 er 50 år sidan Mardøla-aksjonen i 1970, kjem frå ei gruppe av fire
privatpersonar/idealistar som bur i Eikesdal og Eresfjord. Alle var unge i 1970 og hendingane den gongen var skjelsetjande for oss som for mange andre.


Arrangementet skal vere i Eikesdal 7.-8. august 2020.

Arbeidsgruppa har som formål å samle og formidle informasjon om Mardøla-aksjonen og klassisk naturvern samt bidra til formidling om vern av natur i eit historisk og framtidsretta perspektiv.

Vi vil med dette ynskje alle  hjarteleg velkomne til Eikesdal
7. og 8. august 2020.

——

Marit, Per Even, Bjørn Magne og Turid