Spelet om Mardøla er eit historisk spel bygd på hendingane rundt Mardøla-aksjonen og kampen om Mardalsfossen i 1970. Spelet er eit utandørs musikkteater som blir framført i Eikesdal, på Mardalsbøen med den mektige fossen som levande bakteppe.
Forestillinga i 2023 var den andre i rekka etter urpremiera 2022. Spelet om Mardøla skal minne oss om at kampen for vern av natur ikkje er over. Kampen den gongen vart gjennomført med sivil ulydnad og passiv motstand som middel. Kampen er aktuell som aldri før.
Spelet om Mardøla blir ikkje sett opp i 2025.
Vi manglar folk til mange sentrale oppgåver, så styret i Mardøla Teaterlag har gjort vedtaket på bakgrunn av dette.
12/8-23: Terningkast 6 i avisene. Både Romsdals Budstikke, Driva, Aura Avis og Tidens Krav trilla 6-ar! Her er noen bilder.