Bildehistorie del2 ..Eresfjord småbåtlag

1995: Etter at klarsignal for bygging av småbåthamn i Eresfjord kom seinhausten 1995, vart det fart i sakene. Gravemaskina tok dei første spadetaka. Den gamle "skopen" (skopmobil) som stod i skogen like attmed, vart "fyra opp" . Tanken vart fyllt med diesel, eit startbatteri og eit grovt skrujarn var det som skulle til. Den store maskina starta med ein gong og svart eksosrøyk velta ut.

Bygging av steinmoloen starta utpå vårparten 1996. Skopen kom da til god nytte.

Stein vart gravd ut og henta i ei stor steinur ved foten av Bjørbakknakken. Med gravemaskin og dumpere.

Reparasjonar måtte utførast. Her er Egil Arvesen og Modolv Torhus igang med den store gravemaskinskuffa. Utmudring av området der moloen skulle ligge. 

Store mengder sand vart gravd opp frå hamna. Noko av det  vart solgt til Eresfjord Handelslag som var igang med å bygge på og utvide.

Den første brakka kom også på plass. Samstundes med bygging av flytebrygger. Mao veldig stor aktivitet.

Is som la seg om vinteren gjorde at bryggene med fingrar vart slepa til vinterlagring ei av lonene ved elva Eira. Og slepa på plass igjen om våren. 

Og slik var hamna med molo og båtar sett frå Nakken, 1997-1998.

6/12-1997 Befaring/ studietur før kjøp av Brutus i Vistdal. Leif Nerland, Svein Rekdal og Egil Arvesen
Vart henta 9/12-97 og kjørt via fjorden med følgjebåt inn Eresfjorden.

Reparasjon av båten Brutus var nødvendig. Vart dratt på land. Svesing og diverse for å få den heilt tett.

Historia om da Brutus sank til botn ... 1997-98. Sansynleg årsak, det kom inn vatn via propellhylsa. Egil Arvesen dukka ned og fekk festa ein solid kjetting på båten. Deretter var det Skopen  si oppgåve å dra båten opp langs botn og på land. Enorme krefter og løfteevne på dette beistet!

Båtmotoren som hadde ligge i saltvatn måtte sjølvsagt spylast med ferskvatn og overhalast. Modolv Torhus, Svein Rekdal og Leif Nerland. Og starta gjorde den etterpå.