Bygda Rundt

Er eit tradisjonsrikt arrangement på Kristi Himmefartsdag som har vore arrangert i Eresfjord kvart einaste år sia 1977. For barn, foreldre, unge, vaksne og eldre, Altså for alle. Du syklar den omlag 13 km lange vegen rundt bygda. Det er trekking av 10 gavekort pluss hovedpremien, eit gavekort på kr. 4000,-

I 2024 er det Bygda Rundt for 48.gongen på Kristi Himmelfartsdag. Deltakarrekorden er 378 personar.

Les meir om Sykkelbygda her.

9.mai-24: Klar for årgang 48 med Bygda Rundt.

Bygda Rundt 2023

Så kom sola og varmen på 18.mai. Dermed var det berre blide fjes og smil blant unge og gamle som tok  turen “Bygda Rundt” I Eresfjord. Ein rundtur på knappe 14 km der det i år deltok 208 personar. Den eldste var Nils Angvik på 88 år. Den yngste sat I ei av dei mange sykkelvognene som var med.

Den glade vinnaren av hovedpremien denne gongen var Storm Opdal Fjellheim. Eit gavekort med verdi på kr 4000,- Elles vart det trekt ut 15 gavekort a kr 250,-.

Eresfjord Husflidslag stod i år for ekstra god service. Dei ordna med kafe i Coop-lokala og serverte suppe m/focaccia, pølse m/brød, kake, nystekte vafler, is, brus, kaffe og te. Eit samarbeid som arrangøren Trimgruppa i Eresfjord I.L. satte stor pris på.

Bygda Rundt var første gong i 1977. Deltakarrekorden er 378 personar. Om 3 år er det 50-årsmarkering.

Da må det vere muleg å sette ny rekord.

Dettte var årgang nr 47 av av Bygda Rundt. Utan unnatak kvart einaste år på Kristihimmelfartsdag har dette vore arrangert. Men så er da også Eresfjord Sykkelbygda nummer ein!

 

Eldstemann under Bygda Rundt; 88 år gamle Nils Angvik.

I år var det 2 postar. Start/innkomst både på Coop Eresfjord og på Åse/Øverås.

Bygda Rundt 2022

Regn og regnbyger prega Bygda Rundt i Eresfjord den 26.mai. Likevel var det 214 betalande som var med. Du kunne starte og avslutte kor som helst. Einaste "posten" var ein sjølvbetjent stasjon ved ferjekaia på Øverås. Den som ville kunne svare på ein hurtig-quiz på 5 spørsmål. Omlag 35 lag fordelt på 50 personar var med på quizen. Det var 5 spørsmål, men ingen svara rett på alle. Kanskje var dei litt spesielle?

Her kan du sjå spørsmåla med svar og deltakerliste med poeng.

Som tidlegare år var det premiar i form av gavekort. Den gjevaste var på kr 4000,- og vart i år trekt ut til Bjørnar Øverås.

Elles var dei heldige vinnarane: Berit Torjuul, Torgeir Strand Mølmen, Thea Krogset Nauste, Hans Kristian Hatle, Othelia Alexander, Tommy Sjødis, Ida Fagerslett, Joakim Myrset, Sander Husby og Ole Fredrik Gjøen Heggdal.

Neste år må vi få organisert Bygda Rundt tilbake til slik det var, med start og mål på Coop'n.

Bygda Rundt 2021

Årgang nr 45 av Bygda Rundt i Eresfjord 13.mai gjekk høveleg for seg, også i forhold til koronaen.  Passeleg sykkelver med skyer ned til omlag 700 moh og ikkje snev av høg vårtemperatur. Likevel var det som vanleg mange som tok turen rundt bygda. Ja nokon trilla vogn og spaserte også.  Det ryktest at det til og med kom folk frå Molde by for å delta og gjere seg kjent med Sykkelbygda Eresfjord. 

Som i fjor var det digital påmelding via VIPPS og ingen kontrollpostar, slik det vanlegvis er.

15/5: Siste opptelling viser at det var 268 deltakere under årets Bygda Rundt. Altså omlag det same som i fjor då det var 271.

Trekkinga av 10 gavekort a kr. 300,- er utført 15.mai. Dei heldige vinnarane er:

Sigrid Solhjell, Trym Kjøs, Anita Bugge Opsal, Tove Krogset, Mona Kvernberg, Robert Nerland, Eva Øyen, Per Even Opsal, Per Einar Strand
 og Olav Kåre Torjuul

Gavkort av kr. 4000,- er trekt ut til Anna Rød

Her er noen bilder frå syklinga  rund Eresfjord 13.mai. Klikk dei fram på bilda.

 

BYGDA RUNDT 2020

Lettskya, mildt og fine forhold under Bygda Rundt i Eresfjord på Kristihimmelfartsdag 21.mai.

Som følgje av koronapandemien var det litt annerleis i år. Ingen kontrollpostar, det var berre å melde seg på via VIPPS, finne fram sykkelen og legge i veg rundt bygda.

Og det var det mange som gjorde. Tilsaman 271  deltok. Rekorden er frå 2011 då 378 personar var med.

 

Utrekt vinnar av gavekort på kr. 4000,- er Arne Repstad.  Ellers er det trekt ut 10 gavekort a kr. 300,-

Desse gjekk til: Kian Hoflandsdal, Karoline Øverås, Synnøve Frisvoll, Jon Magne Frisvoll, Niklas Sponås Stabbursvik, Oskar Nesset Frisvoll, Jenny Husby Tornes, Ariel Sandøy Hoem, Halvard Brekken og Turid L. Øverås.

Det er Eresfjord I.L. som er arrangør og Bygda Rundt i 2020 var årgang nr 44.

 

30.mai-19: Bygda Rundt med 184 deltakere i regnveret

Klart for Bygda Rundt 30.mai

Tradisjonen tru er det Bygda Rundt i Eresfjord Kristihimmelfartsdag 30.mai.

10.mai 2018 ...Bygda Rundt for 293

Tilnærma full sommar under Bygda Rundt i Eresfjord. Og veldig mange tok den om lag 13 km lange turen rundt bygda. Rekorden på 378 frå 2011 vart ikkje slått. Men 293 deltakere er bra. 79 barn og 214 vaksne.

Sol og temperatur rundt 24 grader. Og berre blide fjes og smil å sjå. Rett nok ganske frisk vind frå søraust. Men da vart det tilsvarande medvind på andre sia av bygda.

Etterpå var det samling på Coop'n. Der fekk du kjøpe god mat hos Fjord Atmosfære. Til slutt var det trekking av gavepremiar samt eit gavekort med ein verdi på 4000 kroner. Den heldige var Henrik Viken Lied

Dette var årgang nr.42 i rekkja av Bygda Rundt i Eresfjord.

Regn og gråver under Bygda Rundt 2017

Per Even Opsal var ein av dei 185 som deltok i Bygda Rundt.

Det var 185 deltakere under Bygda Rundt i Eresfjord 25 mai. Gråver og regn gjorde nok at fleire lot sykkel stå heime. Men dei som var med fekk ein fin trimtur på 13,5 km rundt bygda .

Det var som vanleg trekning av gåvepremiar. Den heldige vinnar av sykkel var Aud Hoem.

Per Even Opsal var ein av dei 185 som deltok i Bygda Rundt.


Det var 185 deltakere under Bygda Rundt i Eresfjord 25 mai. Gråver og regn gjorde nok at fleire lot sykkel stå heime. Men dei som var med fekk ein fin trimtur på 13,5 km rundt bygda .
Det var som vanleg trekning av gåvepremiar. Den heldige vinnar av sykkel var Aud Hoem.

Opp siste del av Brekkå var det for dei fleste trilling av sykkelen.
Familien Sandøy / Hoem inn mot kontrollpost på Åse/Øverås.
På Coop Eresfjord var det samling til mat og trekning av gåvepremiar.
Alle foto: Mareno Nauste

Bygda Rundt 5.mai 2016

Fine sykkelforhold da Trimgruppa i Eresfjord I.L: arrangarte Bygda Rundt for 40.gong Kristi Himmelfatsdag den 5,mai. Og det var ikkje så langt unna deltakerrekord da 336 store og små sykla dei 13,5 km rundt bygda. Herav 97 barn. Rekorden var i 2011 med 378 deltakere. Rekord eller ikkje; det som er viktig er at dei som tar turen synest dette er triveleg. Mange tok med heile famililen på sykkel, unge og eldre, i sykkelvogn eller på andre mindre syklar. Litt søraust vind laga motvind den eine vegen og desto meir fart og medvind den andre.

På Coop Eresfjord var det trekning av gevinstar. Hovedpremien eit gavekort på sykkel til ein verdi av kr. 4000,- gjekk i år til Ingunn Nauste Hamre.
Guri Myrvang og Berit Torhus, to av dei som var med då starte Bygda Rundt for 40 år sia, , tok eit tilbakeblikk på den 8.mai i 1977 som var første gongen. ( Sjå bildekolasj frå Driva lenger ned) Det var Per Einar Strand som vann den aller første sykkelen.

Her er noen bilde glimt fra jubileumsåret for Bygda Rundt i Eresfjord.

Bygda Rundt 2015

Kristihimmelfartsdag 14.mai

Trass i kjøleg og vått ver var det 264 pesonar som sykla rundt bygda i Eresfjord på Kristihimmelfartsdag den 14.mai.

Av desse var det 183 vaksne og 81 barn. Hovedgevinsten, eit gavekort på kr.4000,- på ein sykkel, vart i år trekt ut til Fe Vike frå Grøa i Sunndal. Gratulerer ! I tillegg var det ei mengd med andre gevinstar som vart trekt ut. Bygda Rundt i Eresfjord var denne gongen 39.året på rad. Neste år blir det 40-års jubileum! Det er Trimgruppa i Eresfjord I.L. som er arrangør.

Her er ein serie med noen bilder fra syklinga denne dagen. Klikk på bilda for å få dei støtrre og bla deg fram.

2015: Kristi Himmefartsdag den 14.mai var 39.gongen at Bygda Rundt (også ein periode kalla Sykkeltrimmen) arrangert i Eresfjord. Med andre ord ein lang tradisjon i sykkelbygda Eresfjord. Det er Trimgruppa i Eresfjord I.L. som er arrangør. I 2011 var det 378 personar som sykla rundt bygda, ca 13,5 km. Den rekorden bør vi prøve å slå no i 2015.

På bildet under her ser du ein kolasj av bilder frå Bygda Rundt i 1977. Kanskje kjenner du igjen nokon?

Bildekolasjen stod på trykk i avisa DRIVA og er frå Sykkeltrimmen den 8.mai 1977. Det deltok mellom 160-170 deltakarar. Eldste var 86 år gamle Hans Nesset. Den yngste var 4 år.

Vi har dreve litt undersøking rundt dette. Blant anna via dagbøker som nokon har skreve. Har også kikka i protokoller frå idrettslaget. Det meste tyder på at første året var 1977. Som betyr at det er må vere korrekt at det i år (2015 ) er årgang nr.39. Og at det neste år, 2016, blir 40-års jubileum.

Bygda Rundt 2014

Det var stålande varmt sommarver da 306 personar sykla rundt bygda i Eresfjord på Kristihimmelfartsdag den 29.mai.
Det var registert 216 voksne og 90 barn. Og berre store smil og god stemning rundt den ca 13,5 km lange runden.
Premietrekning på Coop Eresfjord av ca 20 forskjellige gevinstar. Hovedgevinsten eit gavekort til kr.4000,- var det Bjørg Anne Vike som stakk av med i år. Dette var 38.året på rad med Bygda Rundt i Eresfjord.

Bildet over: Magne og Gunnvor Reitan, Arne Vike bak.
Eit lite knippe med andre bilder ser du under. Klikk på det første og bla deg deretter gjennom.

308 sykla Bygda Rundt i Eresfjord

Kristi Himmelfartsdag den 9.mai 2013:

Litt gråver med duskregn dempa ikkje deltaking og stemninga under Bygda Rundt i Eresfjord. Tilsaman var det 308 deltakarar, herav 100 barn.

Samling på Coop-kafeterian etterpå med trekning av premiar:

Hovedgevinsten, eit gavekort på sykkel til ein verdi av kr. 4000,- gjekk til Trude Melås.

Dette var forøvrig 37. årgang av Bygda Rundt.

Arr: Eresfjord I.L.

Her har vi eldste deltakar i Bygda Rundt, 90 år gamle Jenny Øverås, saman med ordførar Rolf Jonas Hurlen (t.v) og Jostein Øverås på ein av dei 3 postane som deltakarane må registrere seg på gjennom den 13,5 km lange turen rundt bygda.Fleire bilder frå Bygda Rundt, trykk på det første og bla deg gjennom.

Bygda Rundt for 263 personar i Eresfjord

20.mai 2012: Litt kjøleg trekk frå nord, likevel var det 170 vaksne og 93 barn, tilsaman 263 pesonar som tok turen rundt bygda i Eresfjord. Som vanleg god stemning og samling på Coop'n for mat og premietrekking etterpå.

Hovedpremien, eit gavekort på sykkel til ein verdi av kr.4000,- gjekk til unge Jarle S. Orset frå Gjemnes kommune. Gratulerer !
Bygda Rundt er ingen sykkelkonkurranse. Men eit enkelt turarrangement på sykkel der heile familien er med på dei 13-14 km rundt bygda i Eresfjord.
Ellers, dette var 36.årgang av Bygda Rundt. Eresfjord I.L. ved Trimgruppa er arrangør.

Ein blid gjeng frå Eidsvåg. 

Sjå felire bilder under. Trykk på det første så startar du serien.

Sykkelrekord i Bygda Rundt

2011: Bygda Rundt i Eresfjord (tidlegare Sykkeltrimmen) satte ny rekord Kristihimmelfartsdag den 2. juni-11. Oppteljinga til Trimgruppa i Eresfjord I.L. viste 378 deltakarar, herav 125 barn! Ikkje berre frå bygda, men rundt om frå heile kommunen; Eidsvåg, Rød, Ranvika, Raudsand, Eidsøra for å nemne nokre. Bygda Rundt er ca 14-15 km lang. Og som bilda viser var det både vaknse og barn som deltok. Fint ver var det også.

Det var trekning av gavepremiar på Coop Eresfjord etterpå. Hovedpremien ein sykkel var det Elen Vike som vant i år. Det er 35. året på rad at Bygda Rundt er arrangert i Eresfjord. Dette viser at også enkle arrangement kan samle mykje folk.