18/2-24: Folk på Draumen om Ågot.
Odd Tokle Sæbø rapporter om gode forhold på den flotte linja på Ågottinden. Linja vart første gong klatra for 14 år sia, 6/2-2010. Av Odd T.Sæbø, Iver Gjelstenli og Steinar Kringstad.
13/2-24: Gode isforhold i Eikesdal
13/2-24: Sjeldan fine forhold på Brudesløret / Slettabekken på Finnset i Eikesdal.
Det er gode forhold for isklatring i Eikesdal og innom Finnset. Langs Eikesdalvegen kan du klatre både Fagerbotnfossen og Draumen om Ågot. Ja også Ytste Mardøla har fine forhold. Det samme gjeld øvre fall på Mardalsfossen.
Dei mange islinjene ved Litjvatnet, som Kaffiberget den flyvende øks har også linjer med nok is. Men ver varsom med å krysse isen på Litjvatnet, den kan vere usikker. Men Kjøtåa er veldig fin. Lenger oppover Eikesdal på høgre side ligger fleire litt slakkare fine linjer, som td Høvlå.
Tek du turen til fots fra Finnset på ski eller med truger vil du oppdage mange flotte linjer. Rett under Brudesløret er det ein gapahuk som du kan bruke.
Mardalsfossen, øvre fall.
Kjøtåa th. Dobbel speresso og Kaffiberget lenger tv,
Linja th, veldig fin. Abalakov for å kome seg ned att.
Like ved Brudesløret finn du denne flotte og korte islinja. Generelt meir om dei enkelte linjene kan du lese her.
31/12-23: Nyttårs-rapport om isforholda i Eikesdal
Ytste Mardøla, fine forhold. Bra med is.
Også i øvre fall i Mardalsfossen er det bra med is. Nedre fall er det meir sparsomt. Likevel grei adkomst via snø/isrenner på høgre side for å kome seg opp i gryta under hovedfallet. Bildet under.
Også islinjene i "solsida" ved Litjvatnet i Eikesdal har brukbart med is. Her ligger Kaffiberget den flyvende øks. Dobbel espresso ligg utanfor bilde til venstre.
Elles er det også fleire andre linjer som har bra med is. Blant ann Draumen om Ågot og Fagerbotnfossen.
11.januar -23: Isforholda i Eikesdal
Det er framleis is som kan klatrast i Eikesdal, på trass av ei veke med mildver og vind. Den første du kjem til er Fagerbotnisen (rute 21), på vegen inn langs Eikesdalsvatnet. Det er også brukbare forhold på Draumen om Ågot, (41). Og Ytste Mardøla ser også fin ut. Dei slakke isslinjene mellom Sæter og Finnset, som er kalla Moaksla, Høvlå og Tverrgrova kan også klatrast. Her er det mest samanhengande is på Høvlå. (24). God Tur! Ja
Ja, Oddis (42) eit lite stykkje innom Finnset er også fin. Har ikkje endra seg stort sida romjula.
Fagerbotn-isen, omlag halvvegs på Eikesdalsvegen.
Ytste Mardøla, er litt prega av milveret, men ser likevel fin ut til å klatre.
Høvlå, ein fin, enkel og slakk is. Grei retur på sørsida/venstresida i skogen ned langs snørenner.
21/12-2022: Dårleg med «romjul-is» i Eikesdal
Av dei lange rutene I Eikesdal er det kun Ytste Mardøla, rute nr 20, som har bra med is ved solsnu i desember. Her får du 9 taulengder å kose deg på.
Elles har tilsiget av vatn stoppa opp. Derfor er det få klatrebare islinjer i Eikesdal.
Likevel, det er noen linjer med is. Blant anna Oddis (46) som ligger på blanke fjellet eit lite stykkje innom Finnset. (bildet under)
Elles har vi den slakke og enkle linja Høvlåa (24) mellom Sæter og Finnset. Tyvikgrova (28) rett opp til venstre når du kjem til Eikesdal. Også begge dei korte linjene ved Strandkolvet (28 og 33) har is. Det same har Fagerbotnisen (21).
Slik såg det ut på Slettet, innom Finnset og rett under "Brudesløret" ved solsnu den 21. desember 2022. Tilsiget med vatn har frose og stoppa opp.
2/12-2022: Lite is og snø i Eikesdal
Lang periode med tørt ver. Sjølv med noen veker med minusgrader er det svært lite is i fjellsidene også i Eikesdal.
Du må godt over 900 moh for å finne litt is. Det er bekkar som normalt har litt vassføring som har størst sjanse for å fryse til. Alt det andre har tørka opp eller at tilsiga med vatn er frose.
Karakteristisk bilde for situasajonen med is i Eiksdal. Det er tørt og nesten ikkje tilsig med vatn. Her frå Kaffiberget/Den flyvende øks og Dobbel espresso.
Denne linja like ovanfor Finnset har is i toppen. Men eit tørt parti med stein og ur i midten. Rute 39, Leggpump.
Ei av islinjene mellom Sæter og Finnset har is i øvre parti. Rute 24, Høvlå. Enkel rute. Men slik forholda er no må anmarsjen gå i skogen til venstre for nedre parti.
8. januar -22: Bra med is på Finnset i Eikesdal
8/1-22:Brudesløret (rute nr.32) er ei av fleire linjer som har fin is i området innom Finnset i Eikesdal Men om vermeldingane held stikk så vil dette endre seg drastisk fra onsdag 12/1. Da er det meldt mildver og nedbør.
Det er også fleire andre linjer både i Eikesdal og framom Finnset som pr i dag har fin is. Ja også linjer som enno ikkje er klatra. Lurt å bruke ski eller truger for å kome seg fram.
Lurt å å bruke ski eller truger. Ikkje mykje snø, men kan vere djupgått på berre føtene.
Dette er nabolinja til Brudesløret. Den heiter Syndfloden, rute nr.45.
Dobbel espresso, rute nr.35, er mektig og bratt. Ligger på andre sia av Litjvatnet i Eikesdal. Bildet under viser Kaffiberget/Den flyvende øks til høgre.
11.des-21: Bratt på Julenøtt
Roger Eidem i aksjon på ruta Julenøtt i Eikesdal. Er på 7 taulengder pluss eit par slakke heilt i toppen, om du ønskjer det. Retur via rappell.
Des 2021: Mange fine islinjer i Eikesdal
Eikesdal 5.desember 2021: Isforholda no i starten av desember er gode. Som f.eks her på vestsida av Eikesdal mellom Sæter og Finnset. Her er det 5-6 variantar du kan klatre. Her går blant anna Høvlå og Tverrgrova, rute 24 og 25.
Det er også fleire andre linjer som det for tida er bra is på, som f.eks Fagerbotnfossen, rute 21. Og Ytste Mardøla, rute 20. Med vermeldingane framover første veka lover det bra for at isen vil feite seg opp også på andre linjer.
Dette er Julenøtt rute 44, for dei som vil ha ei lang og fin linje. Klatre første gong 28/12-2010 av Odd T. Sæbø og Steinar Kringstad.
Kvenjabekken, til høgre, rute 42 og har bra med is.
Kjøtåa, eller Biff ala Turid, rute 34 har fin is.
31.januar 2021: Mange klatrelag på fin is i Eikesdal
Frå Ytste Mardøla fredag 29/1-21.
Sia 9.januar i år har det vore jamt med isklatring i Eikesdal og Eresfjord.
Siste helga i januar var det 3 forskjellige lag på tur. Noen klatra Ytste Mardøla fredag (rutenr.20). Laurdag var dei tre laga fordelt på Kvennjabekken (42), Moaksla (25) og Tverrgrova (29). Det kom littegran snø i løpet av laurdag og litt meir søndag. Tilsaman rundt 20 cm. På bratt og kald is, til dømes Ytste Mardøla renn snøen av slik at det framleis er gode forhold.
På Kvennjabekken har det hittil i vinter vore 3 lag. Denne linja har kort anmarsj, er på 4 taulengder rundt WI4+, kanskje litt meir! Retur er grei via bjørkatre på sia pluss abalakov.
Søndag vart det klatra ein variant av Daydream nightmare ved foten av Goksøyra i Eresfjord. Det var finske klatrarar i 2013 som starta i same området på ei miksrute der. Den gjekk heilt til topps. Denne gongen klatra Roger Eidem og Steinar Kringstad dei to første taulengdene på is. Først 40 m rundt WI5. Deretter 20 m WI4.
Også Husbybekken ( 1 ) i Eresfjord på 3 taulengder WI3 er klatra i vinter.
Her er noen bilder frå siste helga i januar. Foto: Steinar Kringstad og Roger Eidem.
19. jan 2021: Gode isforhold i Eikesdal
På ei dryg veke har mange islinjer i Eikesdal vokse seg feit og fin. Dette bildet frå området Høvlå (24) mellom Sæter og Finnset, der det er minst 3 forskjellige flotte islinjer. (26,24,25) Nummera viser til isoversikta her.
Her er noen av dei mange andre islinjene som har gode forhold no om dagen. Tyvikgrova (28), Rangåa (36), Kjøtåa (34), Kvennjabekken (42), Breimegå (31), Inste Strandkolvisen (33), Ytste Strandkolvisen (28), Fagerbotnisen (21) og ikkje minst Ytste Mardøla (20). Ja det er også andre linjer som ikkje er klatra. Så her er det fritt fram!
For dei som vil ta seg ein helgatur er det fleire som har hytteutleige. Blant andre Nikolai Finnset ; 976 01 277. Under er noen andre bilder frå islinjene.
9-10.jan 2021: Greie forhold på Kvennjabekken og Breimegå i Eikesdal
Her er noen bilder, dei første frå Kvennjabekken og dei siste frå Breimegå
8.januar 2021: Bedring av isforholda i Eikesdal
Godt nyttår til alle isfrelste!
Her er ein liten statusrapport. Isen i området Eikesdal har vokse på seg littegran. Derfor finst det noen linjer som kan klatrast om du ikkje er for kresen. Av dei store linjene er det Ytste Mardøla, rute nr 20 og Kjøtåa / Biff ala Turid, rute nr 34.
Elles er Breimega (rute 31) på Finnset muleg å klatre. Det same gjeld eit par av dei slakke linjene mellom Sæter og Finnset på vestsia av dalen.
Kvennjabekken Rute nr. 42 på austsida før du kjem til Finnset ser også ut til å kunne klatrast. Enklaste retur frå denne kan vere å følgje rampa som går ut til høgre for isen (sett nedafrå) Heiter nedre Finnsetstegan.
Litt lenger innom Finnset, mot Aurstaupet kan det også vere noen linjer som har feita seg opp. Den bratte Gul-isen eller Fifty Dollar Kingcrab (nr 57) er sikkert også klatrebar. Det er nesten snøfritt opp til ca 300 moh.
GOD TUR!