Under årsmøtet i 2024; tirsdag 18.juni vart følgjande valt:
Referat frå årsmøtet finner du her, eller i tabellen under. Årsmelding. Referat årsmøte 2024.
Det nye styret valt på årsmøte 18/6-2024 er slik:
Bjarte Rød | leiar |
Ingrid Husby | |
Per Even Opsal | |
Trym Kjøs | |
Tore Rød |
Varafolk: Marthe Steinsvoll og Karoline Øverås
Kontonummer: 4106.07.06385
Kort historikk:
Eresfjord Bygelag framstår som ein heilt ny organisasjon etter "ny giv"-aksjonen og årsmøtet den 8.februar 2011.
Det har vore fleire møter og konkrete arbeidsmål er satt.
Her er noen av saker bygdelaget har engasjert seg i:
Årsmøte og reetablering av laget vart gjort tirsdag 8.feb. 2010. (Referat ligger her)
Namnet er endra til Eresfjord Bygdelag.
Om Eresfjord Grendelag: Er var eit uformelt lag utan styre og årsmøte, men som fungerte som eit organ for å ta opp overordna saker som fell utanom funksjonen til eksisterande lag i bygda. Eks. innkalling til møter som gjeld heile bygda.
Bjørn Magne Øverås fungerte som kontaktperson for grendelaget.
Som oppfølging av bygdemøtet på Coop'n i nov 10, inviterer vi til nytt bygdemøte
tirsdag den 8. februar kl. 20.00 på Coop Eresfjord
Det blir servert kaffe og sveler !
Det blir servert kaffe og sveler !
Oppdatering etter 23/11-10:
Under folkemøte på Coop Eresfjord denne kvelden var det enighet om å blåse nytt liv i grendelaget igjen. Dette for å bli eit formelt lag. DERFOR skal Bente Mariann Melås, Marianne Nauste, Bjørn Cameron Alexander sammen med Bjørn Magne Øverås utarbeide eit grunnlag for eit nytt grende-eller bygdelag. Målet er at det innan utgangen av februar 2011 skal kallast inn til nytt folkemøte for å få stifta og valt eit styre for det nye laget.
Forøvrig: Det møtte 62 personar denne kvelden. Langt over det som var forventa. Men desto meir gledeleg.
Her er det som vart tatt opp på bygdemøtet denne kvelden:
Kommunevekstprogrammet i Nesset har invitert bygdene til eit sti-og kartprosjekt.
Formål: Lage og merke stiar slik at både fastbuande og besøkande enkelt kan orientere seg og finne fram. Det skal lages kart. Og dette skal også vere tilgjengeleg via web/internett.
Kort fortald: Vi i Eresfjord skal plukke ut stiar og turmål som er egna for dette.
Pia Therese Nordli frå Kommunevekstprogrammet vil vere tilstades for å orientere orientere.
Coop Eresfjord - vårt ansvar for å bruke butikken
1. Er vi bevisste på kvar vi gjer daglegvarehandelen
2. Reknar vi med at Coop'n klarer seg uten min handel ?
3. Tør vi å vere patriotar ?
4. Kva skal til for at vi endrar våre kjøpevanar ?
5. Kva meiner du Coop Eresfjord sjølv kan bidra med ?
6. Trenger bygda Eresfjord ein daglegvarebutikk ?
Nedlegging av bofelleskapet / trygdeheimen i Frisvollhagen?
I januar 2003 var det dugnad for å male og pusse opp trygdeheimen.
Bakgrunn: spare pengar for kommunen..
I november 2010 er heimen på nytt foreslått lagt ned.
Bakgrunn: spare pengar for kommunen.