2020-2021 GODT NTT ÅR!
Rundt 25 personar var samla til nyttårsmarkering ved Benken på Brandeinan i Eresfjord. Med rakettar, smell og lys som vi sjeldan har sett før.
Med ønskje om Godt Nytt År til alle! Og at koronapandemien lettar grepet slik at vi kan kome tilbake til meir normale tilstandar utover året 2021.
Folksomt og godt humør på Benken ved inngangen til det nye året, 2020. ..klikk på bildet for større.
2015-2016:
Hurra, hurra .... pluss Rognhaugvalsen på Brandeinan. Meir om 17.mai her. | |
Les også siste nummer av Brandeinan Blad, nr.6 |
Varmt og uvanleg fint på Benken denne 17.mai i 2013. |
Som vanleg oppmøte på Benken og start av 17mai-tog litt før kl. 11.00. Med påfølgjande avmarsj til skulen. Undervegs synging av Rognhaugvalsen. Meir omårets 17.mai finn du her. |
Det er tredje året på rad at det er besøk av julebukkar på Steinsvoll og Brandeinan.
Også denne gongen med framføring av sang.
Som takk for besøsket fekk dei som seg hør og bør sjokolade.
Sjå ellers frå besøket i 2010.
17.mai 2012:
31/12-11: Ein stor og gild flokk markerte overgangen til 2012 på Benken på Brandeinan. Frisk vind, men god stemning både blant dei vaksne og dei yngre. Foto: Arvesen.
22/4-11
To BASE-hopparar landa på Brandeinan langfredag i påska. Dei hoppa frå nordtoppen av Goksøyra. Den eine landa på Åse/Øverås, mens dei to andre landa på Steinsvoll og Brandeinan. Den eine var faktisk Jokke, som var med i ekstremsportserien frå Sognefjorden, som har gått på fjernsyn i det siste.
10/4-11
Vårdugnad med rydding av søppel og plast på Steinsvoll vart marakert med kaffeslaberas på Benken på Brandeinan i dag. Restar av rundballeplasten har ein lei tendens til å legge seg både i toppen av trær og utover markene. Vekk med det og alt blir så mykje, mykje meir triveleg !
Hermed går tilsvarande oppmoding også til dei andre grendene i Eresfjord !
Snev av vårstemning på Benken då vi med kaffe og lefser markerte våre nye innflyttarar.
Per Gunnar Frisvoll og Siw Elisabet Lillebostad flyttar inn på Brandeinan.
Alltid kjekt med nye folk.
Velkomen !
Nyttår på Benken
Det er tradisjon med samling på Benken på Brandeinan. Slik også i år. Alle var godt kledd og veret med sludd/regn og litt vind gjorde derfor ingen verdens ting. Fyrverkeri gjekk i lufta med både smell og lys !
6.juni-10:
Søndag ettermiddag var det observert ein gul lavtflygande gjenstand over Brandeinan.
Bakgrunnen skal vere testflyging. Frå informert hald blir det nemleg hevda at det kan bli flyplass her på Brandeinan i Eresfjord. Brandeinan International Airport! Ja, ikkje nok med det, det blir vurdert å kjøpe inn eige fly.
Her ser vi flyet med involverte samt nokre bilder frå flyturen dei var ute på denne søndags ettermiddagen.