ERESFJORD BYGDELAG

Styret valt på årsmøtet den 14.januar 2022, ser slik ut:

Namn / e-postTlf
Lasse Kristiansen- ledar971 00 507
Trym Kjøs 
Tone Kvamsås 
Per Even Opsal - kasserar 
Tore Rød 

Vara: Marte Steinsvoll

Årsmøte og reetablering av laget vart gjort tirsdag 8.feb. 2010.
Namnet er endra til Eresfjord Bygdelag.

Vedtekter
Kontonummer: 4106.07.06385

Arbeidsgruppe og vedtekter

Under bygdemøtet på Coop Eresfjord den 23/11-10, var det enighet om å revitalisere Eresfjord Grendelag.
Følgjande personar vart peika ut til dette:

  • Bente Mariann Melås
  • Bjørn Cameron Aleksander
  • Marianne Nauste
  • + Bjørn Magne Øverås

Målet for denne gruppa er å lage grunnlag for eit nytt folkemøte og ny giv i Grendelaget i løpet av februar 2011.

Eresfjord Grendelag var stifta 19/6 1973.

Vedtekter ligger her.

Eresfjord Grendelag har før re-etableringa i nov-2010, ikkje hatt formelt årsmøte sia 1.april 1992. Men laget har sporadisk arbeidd med mange saker også etter 1992. Det har vore fleire møter knytta til konkrete saker.

Litt historie om Grendelaget ...Bygdelaget.

Protokollen for Eresfjord Grendelag (møteboka) viser at det var på eit foreldremøte ved skulen i mars 1973 at ideane om eit utvalg for å drøfte eit bygdelag i Eresfjord kom. Der vart det valt 6 personar. Eivind Lervold, Mellvin Steinsvoll, Anders Frisvoll, Signe Hånde, Berit Torhus og Arne Mathisen.

I møteboka er det nemnt ein del aktuelle arbeidsområder. Og forslag på namn.

Samt at det skulle kallast inn til eit folkemøte den 6.april 1973.

På dette allmannamøtet den 6.april kom det 21 personar. Og det var full semje om at det skulle stiftast eit bygdelag. Og det vart valgt eit midlertidig kontaktutvalg på 6 medlemmer.

Første oppgåva til kontaktutvalget vart 17.maikomite i 1973.

Deretter var det møte i kontaktutvalget den 26.mai 1973 på lærarrommet ved skulen.

Der vart det ei sakliste om konstitusjon, lagets namn, legets styreform og innstilling fra kontaktutvalget om lagets formål og virkemåte.

Kontaktutvalget hadde også møte den 1.juni samt den 11.juni. Dette for få laga ei skisse og utkast for bygdelaget. Samt forslag til vedtekter.

Folkemøtet på Eresfjord Samfunnsus var den 19.juni 1973. Det møtte 23 personar.

Og der vart altså Eresfjord Bygdelag stifta.

Namnet Eresfjord Grendelag vart endra til Eresfjord Bygdelag i 8.februar 2011.

Her kan du laste ned kopi av stiftelsesdokumenta frå 1973.