Om oss

Initiativet til å markere at det i 2020 er 50 år sidan Mardøla-aksjonen i 1970, kjem frå ei gruppe av fire privatpersonar/idealistar som bur i Eikesdal og Eresfjord. Alle var unge i 1970 og hendingane den gongen var skjelsetjande for oss som for mange andre.


Arbeidsgruppa har som formål å samle og formidle informasjon om Mardøla-aksjonen og klassisk naturvern samt bidra til formidling om vern av natur i eit historisk og framtidsretta perspektiv.

Vi vil med dette ynskje alle hjarteleg velkomne til 

Eikesdal  7. og 8. august 2020.


Marit, Per Even, Bjørn Magne og Turid

Mardøla-2020

I vinter er det 40 år sidan Alta-aksjonen. Den største og mest markante
aksjon for vern av natur og mot øydelegging av næringsgrunnlaget for
samebefolkninga i Norge. Ti år før dette, i 1970 aksjonerte naturvernarar,
akademikarar og lokale bygdefolk i fjellet over Mardalsfossen.

Ein ville stanse bygginga av anleggs-vegen som var starten på utbygginga av Grytten-anlegget og tørrlegging av Mardalsfossen. På mange måtar var
Mardøla-aksjonen ein forløpar for aksjonane i Alta og kan ha medverka til at bygdene i Masi i Finnmark ikkje vart neddemt.

Mardøla-aksjonen var første gongen ein kjenner til at urbane naturvernarar, bønder og bygdefolk gjekk saman i ein ikkje-valdeleg sivil ulydnadsaksjon i kamp fornatur og naturressursar.

Ja, dette skal vere den første aksjonen i sitt slag i verden. Fleire markante
personar var med saman med bygdefoket i 1970, som for eksempel filosofane Arne Næss og Sigmund Kvaløy Setreng.

Ved å løfte fram hendingane for 50 år sidan ynskjer vi ikkje berre å fortelje historia om aksjonen, men også sjå på korleis dette har innverka på samfunnsdebatten i tida etter og fram til dagens miljø- og klimadebatt.

 

 

 

 

 

Bilde:

Mardalsfossen 1974. Det var siste sommaren fossen rant med naturleg full vassføring før den vart regulert og overført til Romsdalen og vart ein del av Grytten Kraftstasjon.

 

 

Oppdatert 7.mars 2020

Mardalsfossen 1974. Siste sommaren den rant med full vassføring for den vart regulert inn i Gryttenanlegget.