26/12-23: Snørik 2.juledag i hamna.. 

Jula 2023 har det lava jamnt ned med snø. Desse brydde seg ikkje om snøbygene og ville heller ut for å skaffe seg fersk fisk i romjula.

Sept-23: Dugandstid i småbåthamna

Ny runde med pussing av stålbåten Paulus, skraping og høgtrykkspyling. Den skal også primast og få eit nytt strtøk maling. Ja styrhuset får ny farge. Forrige gong båten var på land og vart pussa var i 2019.

Mykje skjell og rur som festar seg på stålet. Alt må vekk.

Reparasjon og justering av video-kameraene. Bugge Maskin og Transport er god samarbeidspartaner.

Mai-23: Åredalens Folkhøgskola i småbåthamna

Åredalens Folkhøgskola gjesta også Eresfjord i år. Slik dei har gjort kvart einaste år sia tidleg på 1970-tallet. Før telta dei i Meringdalen. Men i 2022 og no i 2023 har dei leigd og campa i parkområdet til småbåthamna. Ein gjeng unge folk som er tur-og friluftsinteressert. 

27/9-22: Nye videokamera montert

11.mai-22: Dugnad i hamna

Lekting av ny flytefinger var ei av fleire oppgåver som vart utført under dugnaden 11.mai. Her er Harry Aasen, Arvid Hoem og Modolv Torhus igang. Det var tilsaman 7-8 personar som var med på dugnaden. Det blir fleire dugnadar framover våren. Den første er 21.mai frå kl. 10.00. Den neste er 15.juni frå kl. 18.00

Småbåtforeninga har gjort avtale med Åredalens Folkhøgskola om bruk av parkomradet og toaletter i småbåthamna. Eit tredvetals svenske friluftsinteresserte ungdomar kom 2. mai og blir veka ut tom 8.mai. Dei bur i telt.

17/2-22: Isbryting med Paulus

Greitt å ha ein stålbåt som kan bryte litt is. Paulus egnar seg godt til dette, sjølv om isen ikkje var så tjukk denne gongen.

Okt/nov-21: Ny straumkabel

I starten av oktober 2021 vart det gravd ny grøft og lagt ned  trekkerør for ny straumkabel. Både graving, legging av rør og trekking av kabel er utført på dugnad. Dei gamle kablane var det fasefeil på. Angvik Elektro kobla opp den nye straumkabelen den 23.november samt nytt og ekstra fordelingsskap ved lysthuset. Frå dette skal det i neste omgang leggast straum ut til bryggene. Det er også lagt eit ekstra trekkerør for eventuell ny signalkabel til videokameranene.

11/9-21 Dugnad med å fjerne skrot og skrammel

Tilsaman 7 gamle flytefingrar, 5-6 oljefat, 4 større flytelement samt noko jarnskrot vart samla ihop. Heile 3 traktorar med div utstyr var i aksjon.

Det har vore 5 organiserte dugnader i småbåthamna i løpet av våren, sommaren og hausten. I tillegg har også medlemmar utført arbeid på dugnad på eiga hand. Det er bra og mykje arbeid har vore utført. Den 11.september var det i hovedsak vekkrydding av gamle flytefingrar, flyteelement og anna skrammel og skrot som vi har hatt lagra i skogen ikkje langt unna settefiskeanlegget på Æratangen som vart tatt hand om. Men isoporelementa på fingrane må fjernast før vi kan avhende det til attvinning som jarn. Det blir det neste å ta fatt på. Eit par av fingrane skal byggast om og brukast opp att.

Neste litt større omfattande arbeid som står for tur er legging av ny straumkabel frå brakka og mot lysthuset samt fordeling av straum ut til flytebryggene. 

Mars-2021: Ekstra utmudring

Gravemaskin med ekstra lang bom gjorde det muleg å ta ut grusmasse på dei grunne områda i hamna i Paulen. Særleg mellom brygge aust og "ismoloen" vart det gjort djupare. Men også andre stader i hamna vart det tatt ut grusmasse. Noen stader vart det også plastra med skoten stein.

7.mai 20: Reparasjon av flytedunkar ... kjekt å ha stålbåt med kran når dei må tømmast for vatn.

Springflo 11.februar2020.

9.sept-19: Stålbåten snart klar for sjøsetting

10/11-18: Framhald båtpuss

8/9-18:Dugnad med pussing av stålbåten

Springflo 2017 og 2008

Sept 2014: Småbåtlaget har kjøpt ny båt

Des 2013:Heder til Egil og Svein

- "Lagets færing"

Eresfjord Småbåtlags nyinnstiftede utmerkelse "Lagets færing", er tildelt Svein Rekdal og Egil Arvesen.
Utmerkelsen "Lagets færing", henger høyt og skal bare kunne tildeles personer som gjennom lang tid har vist særlig stor interesse og frivillig innsats for laget og lagets arbeid.

De to som fikk utmerkelsen denne gang, er de første som har fått den i lagets historie. Styrets helhetlige og individuelle vurdering av kandidatene Svein Rekdal og Egil Arvesen, har vært svært nøye. Konklusjon om at disse to skal tildeles "Lagets færing", er både enstemmig og klar. Det er også enighet om at det i grunnlaget for den første tildeling, er lagt en høy list.

Eresfjord Småbåtlag takker Svein og Egil for stor innsats både praktisk og organisatorisk. Det store arbeid de har utført helt fra laget ble startet i 1986, er til glede for oss alle som er medlemmer av laget.

Eresfjord Småbåtlag, desember 2013

Mellvin Steinsvoll - Styreleder

Rundskriv juni 2013

Viktig og nyttig informasjon til alle medlemmer i Eresfjord Småbåtlag.

Les rundskrivet her.

Lysthus i Paulen

Det var den 4.november i 2012 at det nye lysthuset i småbåthamna stod ferdig. Dette etter 14 dagars intenst dugnadsarbeid. Ingen tvil om at det har vorte eit svært koseleg 8-kanta lysthus. Dei ivrigaste dugnadsgjengen har vore Svein Rekdal, Egil Arvesen og Leidulf Friosvoll.

Sida det stod ferdig er det ikkje få kaffekoppar som har vore severt. I august 2013 vart det beisa og som vi ser tar det seg retteleg flott ut.

21-23.mai -12:

Dugnad montering nye brygger

Alle trebryggene i småbåthamna i Paulen er bytta ut med solide stålbrygger. Dugnad med demontering av dei gamle og montering av nye skjedde over to lange kveldar, den 21 og 22. mai. Deretter var det justering av flytefingrane og oppankring.
Her er noen bilder.

Gudstjeneste i småbåthamna 17.juli

Sødag 17. juli 2011 ble det arrangert utegudstjeneste i småbåthavna. Da vi spurte om å få lov til å ha en gudstjeneste der, ble vi tatt imot med åpne armer! Været var bra, til tross for en del vind. Ca 20 møtte opp til en fin gudstjeneste med sokneprest Bjørn Hovde. Etterpå var det lagt til rette for grilling. En fin dag, som frister til gjentagelse neste år! Takk for at vi fikk låne hele anlegget!Helsing soknerådet / Anne Viken

16/6-11

Nybryggene på plass

Etter iherdig innsats og mykje dugnad er dei nye flytebryggene i småbåthamna i Paulen no på plass. Første båtplass er allereie etablert.

Det som skjer i hamna ....

22/3-11:

Utmudring for nye flytebrygger

2 gravemaskiner og ein traktor har vore i aksjon for å mudre ut større djubde der dei nye flytebryggene skal monterast.

Etter årsmøtet den 18/3 -11 så sette det nye styret fortgang i arbeidet med å få på plass nye flytebrygger.

Stålbryggene som kom frå eit oppdrettsanlegg på Otrøya var ein ufrivillig snartur nedom Stadtlanet før dei kom inn Langfjorden og inn til Paulen og småbåthamna i Eresfjord.

Gravemaskiner og traktor med mannskap er leigd inn for å mudre ut større djubde der dei nye bryggene skal ankrast opp.

Flytefingrar må lagast og ein del arbeid med sveising for tilpassing vil bli utført i løpet av våren.

Uansett: Målet med dette er å få lagt ut fleire båtplassar. Langs dei eksisterande bryggene er alle 33 plassar i bruk.