Eit tilbakeblikk til 2020 da vi hadde 50-årsmarkering av Mardølaaksjonen 

Mardøla-2020 - 7 - 8. august i Eikesdal

I august 2020 var det 50 år sidan Mardøla-aksjonen i 1970.

Dette vart markert med ei samling i Eikesdal 7-8.august. Med seminar og konsert.

Arbeidsgruppa bak Mardøla-2020, har som formål å samle og formidle informasjon om Mardøla-aksjonen og klassisk naturvern samt bidra til formidling om vern av natur i eit historisk og framtidsretta perspektiv.

Høyr "Slaget om Fossen" som podkast   Det er Ingrid Fadnes frå Molde som har laga dette. 2 episoder.

Her er noen bildeglimt frå Mardøla-seminaret 7.august 2020 i Eikesdal

Omlag 120 personar var samla i Eikesdal under seminaret for Mardøla-2020. Fordelt inne og ute klarte vi å overhalde smittevernreglane. Dei frammøte var både aksjonistar som var med under Mardøla-demonstrasjonen i 1970 og andre som var interessert i å høyre og lære om dei 3 store vasskraftutbyggingane i området.  Arne Vinje, Odd Einar Dørum, Lars Dahle, Birgit Kjerstad , Per Even Opsal, Jostein Henriksen og Svein Johan Frisvoll hadde kvar sine tema og erfaringar å dele frå 1970-åra og fram til våre dagar, alt frå om grøn vekst er muleg, klassisk naturvern, biologisk mangfald og til dagens vindkraftutbygging.

Politisk prat ute i det fri; Liv Solemdal, Torgeir Dahl, Arne Vinje og Lars Dahle.

Held musa over bildet, så får du bildetekst.

Oppdatert pr15.september 2020

Fredag 7.august: Mardøla-seminar der vi har samla noen resurspersonar for å belyse faglege tema og debattere.

 

Laurdag 8.august: Konsert med bandet ISÁK og Ella Marie Hætta Isaksen. Sjå bilder frå konserten her.

 

 

På grunn av smittesituasjonen må vi ha påmelding også på seminaret. Programet og praktisk info kan du laste ned her.

 

Program Mardølaseminaret 7. august:

Oppmøte og innsjekk kl 11.00 på Eikesdal grendahus.

 

12.00    Velkommen  ved programleiar : Svein Sæter

Presentasjon av arbeidsgruppa for Mardøla 2020

Kulturelt innslag

12.30    Arne Vinje om Sigmund Kvaløy Setreng; Mardøla-aksjonen og økofilosofien.

13.00    Odd Einar Dørum tar for seg sivil ulydnad og demokrati

13.30    Pause– beinstrekk – kaffepåfyll, Mat: Salg av suppe levert av Nikolai Finnset

14.15    Tidsvitner: Aksjonen i 1970; Lars Halvard Dahle. Stopp vindkraft på Haramsøya 2020;Birgit Kjerstad

14.30    Per Even Opsal Naturfaglege konsekvensar og erfaringar etter vasskraftutbygging.

15.00     Jostein Henriksen Grøn vekst, er det muleg?

15.30     Pause– beinstrekk – kaffepåfyll.

16.00     Svein Johan Frisvoll Direktør for forskings-institusjonen RURALIS.

Oppsummering og avslutning

Ca 17.00  Slutt for dagen             (Vertshuset Eikesdal er åpent)

 

Programfolder A4 lastes ned her

 

På grunn av smittesituasjonen må vi vere ekstra nøye med hygiene og tilrettelegging.

Med 1 meters avstand blir det avgrensa med plass inne i sjølve grendahuset, men vi har i tillegg til huset eit stort «party-telt» med bord og benkar og vil ha høgtalar frå foredraga der. På den måten får vi plass til fleire. Vi ber om at alle tar ansvar og hjelper oss med å begrense risikoen for smitte. Det vil bli plassert ut handsprit både i lokalet, på toalett etc.

Bygdakveld med Eikesdal bygdalag 7.august

                                               

kl 19.00 Bygdakveld med Eikesdal bygdalag på grendahuset.

Det blir kulturelle innslag med mellom anna smakebitar frå Spelet om Mardøla som er under planlegging. Opptreden av skuleborn mellomtrinnet Eresfjord skule,  Mardøla blues med Magne Lindholm, mm. Eikesdal bygdalag sel kaffe og kaker.                                                                                                         Gratis inngang.

 

 

Film: (Ut over kvelden/natta fredag-laurdag)

Vi vil vise film i klasserommet på grendahuset bl.a.  Oddvar Einarsons «Kampen om Mardøla» frå 1972

Kunstutstilling i Galleri Eikesdal, gammelbutikken på kaia.
Open Fre 16-20, lørd 11-17 og søn 11-15:  EAU / FLOW kunst av Ella Anne Utigard

Vernissage kl.11.00 laurdag 8.aug.

Laurdag 8. august:

Kl 13.00 Boklansering: Krafthistorie for Nesset av Petter Erik Innvik

 

kl 18.00 Mardalskonserten med ISÁK i Mardalen (Molde Live). Sjå bilder og opptak frå konserten her.
                   

Sagt under 40-års markeringa i 2010: Tidlegare justisminister Odd Einar Dørum, leder for Unge Venstre og aksjonist i Sandgrovbotn i 1970:

«Jeg vil si det slik, - det var en sjelsettende opplevelse som jeg har tatt med meg senere i livet. Av og til kan myndigeter være så tett i ørene at man ikke hører.
I Norge tåler man ganske mye, men man tåler ikke å aldri bli hørt.»

Eikesdalsdagane på laurdag er avlyst. Altså ingen markedsdag.

Men dagen kan t.d nyttast til ein tur opp til Mardalsfossen eller opp lia til Sandgrovbotnen. Det var der Mardøla-aksjonen gjekk føre seg i 1970. Eller du kan ta ein spasertur forbi Finnset inn til Slette.

Ellers mykje god informasjon om Eikesdal på eikesdal.no


Konto bank: 4100 73 90783Org.nr. 922 148 341VIPPS 57 24 47

 

Korleis kome seg til Eikesdal  - overnatting og anna informasjon

Mardalskonserten med Ella Marie og ISÁK Les meir om: ...Info og Fakta om Mardøla Tilbakeblikk på Mardølaaksjonen - hulter og bulter OM OSS - Mardøla-2020

Desse støttar Mardøla-2020: