Restaurering/vedlikehald

Mars-21: Oppfrisking med maling, nytt tak og nye spotlys i møtesalen i Skogly

Den yngre generasjonen i styret i Eira U.L. har tatt initiativet til å fornye møtesalen i Skogly. Fole bra tiltak! Lys maling har friska opp og fornya den før litt gulna og trekvite veggane.  Det er også lagt nytt tak og montert nye spotlys i taket. Her ser du resultatet.   Alt arbeid er utført på dugnad.

Både Miljøfondet og Utviklingsfondet har vore med på finansieringa av tiltaket.

Møtesalen framstår fornya, lys og med fine farger.

Og slik såg det ut før.

Slik såg det ut før det  vart mala.

Okt-2020: Skogly er nymala og restaurert

Hausten 2020:

Ungdomshuset Skogly i Eresfjord, har sia august-20 og framover hausten vorte mala og restaurert. Kledinga på austveggen over inngangspartiet er bytta ut med ny bordkleding. Mønebord og nøvbord er fornya. Det er også skifta ut deler av fjøler i kledinga på langsidene av huset. Råtten treverk er bytta ut med nytt. 

Huset er til slutt mala 2 strøk. Alt arbeid bortsett frå noe stillasbygging, er det Angvik Grytnes Entreprenør som har utført. Det har kosta oss skjorta, 456.000,- kroner. Men det er utført eit godt og sollid arbeid. Likevel, no er kassa nesten tom. Og vi må sette igang arbeid for å få inn pengar til drifta.

Romsdalsbanken, Musikklagets Venner, Fylkeskommunen med koronamidlar, samt Kraftfondet har vore delaktig i finansieringa.  Her er noen bilder frå arbeidet.

Det er 20 år sia sist heile huset vart mala.

21.juni 2016: Dugnad; ny inngang og litt maling

2013-2014: Sliping og lakkering av golv

Seinhausten 2013 kom vi igang med sliping av golvet i storsalen oppe. Hovedformålet med dette var å lette reinhaldet. Den grove overflata i golvet gjorde vasking til ei stor utfordring. Alt arbeid er gjort på dugnad. Omfattande sliping med maskin. Deretter beising med påfølgjande 4 lag med lakk. Stod fedig og klar til bruk til basaren 9.feb-14:

Og slik vart det:

Skriv tekst her

Nov-2012: Grøfting rundt SKOGLY

For å hindre fleire oversvømmelsar i kjellaren på Skogly, vart det i midten av november 2012 satt igang grøfting og lagt ned dreneringsrør rundt ungdomshuset.

Det vart lagt ned både vortepapp, duk og fyllt på med singel rundt drensrøra.

Prosjektet har kosta rundt 60.000,- kroner. Men vil vonaleg vere verdt det.

Det var i januar 2011 at det trengte vatn inn og opp gjenom golvet i kjellaren.

Halvmåneutbygget på vestsida av Skogly vart hausten 2010 restuarert.

Tre nye vindu vart satt inn. I tillegg vart det utført eit omfattande arbeid med å legge om skifertaket.
Her var det lekkasjer og nødvendige tiltak måtte settast i verk.

Samla kostnad vart i overkant av 80.000,- kroner.

Noen bilder, det første frå 2004. Det andre frå før tilbygget i 1980.

Ungdomshuset Skogly slik det var i 1979.

Frå bygginga av grunnmurane til Skogly i 1928