Eira Ungdomslag

Stifta 1921

Org.nr.996 185 583

Eira Ungdomslag ( Eira U.L.) er eit lite lag i bygda Eresfjord. Frå 2020 er bygda ein del av Molde kommune i Møre og Romsdal.

Eira U.L., som vart stifta i 1921, fekk sitt eige lagshus SKOGLY i 1928. Det meste av inntektene i laget går til drift, vedlikehald og restaurering av dette gamle og ærverdige forsamlinsgshuset. Skogly er registrert som eit regionalt kulturminne, ref fylkeskommunen si kulturminneplan.  Adressa er Ljørvollvegen 40, 6470 Eresfjord. Gards/bruksnummer er 274/4/0/0

Kontonummer_4106.07.05923 ..VIPPS: 56 53 32   Org. nr. 996 185 583

Vegadresse: Ljørvollvegen 40, 6470 Eresfjord.

Les meir om aktvitetane i EUL her:

Husleigeprisar SKOGLY

Kjeller500,-
Sal oppe500,-
Heile huset800,-
Møter300,-

 

Reglar for utleige, vask og anna.

Vil du leige SKOGLY, … her kan du reservere / booke sjølv.

Reservasjonen fungerer slik at du først får ein automatisk bekreftelse på bookinga som systemet genererer.

Om  det skulle vise seg at den aktuelle datoen du har reservert kolliderer med planer som Eira U.L. sjølv har, tek vi kontakt innan 2 dagar.

Høyrer du ingen ting, er reservasjonen godtatt.

 

NB! Det er ikkje lov å ta inngangspengar når du leiger Skogly.

 

Spørsmål... ta kontakt med 971 62 499.

NB! Ingen innlogging kreves for å reservere / booke Skogly.

Litt om at laget passerte 100 år i 2021

Aktiviteten i laget har variert mykje gjennom tidene og det har alltid vore viktig å halde ungdomshuset Skogly i stand.

I løpet av hausten 2020 vart huset restaurert utvendig med blant anna utskifting av kledning og ny maling. Sum kostnad: 460.000,- kroner.

I mars-21, vart salen i kjellaren måla i lys fin farge, samt oppgradering av elektriske lys. Meir om desse tiltaka kan du lese her.

Ungdomslaget var aktivt dei første åra etter stiftinga i 1921 og alt etter 7 år stod eige ungdomshus ferdig i 1928. Huset framstår i dag ganske autentisk og er registrert som kulturminne. Slike møteplassar har vore og er viktige i ei bygd.

Målet er at huset skal vere ein god samlingsstad for aktivitet og sosialt samvær for bygdefolket for framtida slik det har vore i alle år.

 

All oppussinga i 2020 og 2021 har tært kraftig på kassabehaldninga og økononomien i laget. Men vi har fått tilskott både frå Romsdalsbanken, Musikklagets Venner, Fylkeskommunen med koronamidlar, samt Kraftfondet, Utviklingsfondet og Miljøfondet. 

I tillegg har det vore arrangert basar og 2 samlingar med quiz der bygdefolket har vore rause og støtta opp.

 

At bygdefolket er med oss er heilt avgjerande også for den vidare drifta av Eira Ungdomslag.

 

Fleire nyheter....

Litt tilbakeblikk på teater og revy: Sia 1995 har det vore (nesten) årlege visingar, tilsaman 19 teater og revyforestillingar. I tillegg var det også teater i 1982 og 1983.

Det var pause i 2006 og 2009.

I 2008 var det "Ein ronde te", eit samandrag av det beste frå tidlegare revyar.

Men palmehelga i 2010 braka det laust igjen. Då med revyen "Nakkjen Hotell". Publikum strøyma til på dei to forestillingane. Suksess igjen !

Eira U.L. var også aktivt med i Bjørnsonpelet på Nesset Prestegard hausten 2010.

I 2011 lykkast det endeleg med å få satt opp teaterstykkjet Boeing Boeing. Knallsuksess igjen.

I 2012 var det teater med "Svin på skogen"

2013: Revyen: InniHuttiheita

2014: Drømmeturen -- premiere Palmehelga !

2015: Lufta e fri for alle ! Sjå bilder.  

Etter 2015 har det ikkje vore framført teater eller revy.

2015: "Lufta e fri for alle" er tittelen på 2015-revyen frå EUL i Eresfjord. Med premiere palmehelga 27 og 28. mars.

Revygjengen framme frå venstre: Erik Fostervoll, Gunn Marit S. Hindhammer, Jan Bjarne Øverås, Anette Øverås, Annlaug Berge, Johannes Øverås, Tone Kvamsås. Bak: Turid L. Øverås, Ingrid Torjuul, Anne Husby, Kirsti Ranvik og Raymond Rekdal.

Her er bilder frå framføringa.