Om sykkelbygda Eresfjord

Kvifor; Jau Eresfjord I.L. starta organisert sykling i 1977. Fekk namnet Bygda Rundt og har vore arrangert på Kristi Himnmelfartsdag kvart einaste år og passerte altså 45 år i 2021. Eresfjordingen Kurt Asle Arvesen har vore proffsykkelist og ført til enda større interesse for sykkel. Vegard Øverås Lied har vore norgesmester og nordisk mester i landevegsritt fliere gonger. Bjørn Tore Hoem, også eresfjording var på full fart mot ei proffkarriere, men hoppa av i 2020. Eresfjord Classic er eit populæret sykkelritt . Og vi har arrangert Eresfjord Grand Prix fleire år. I tillleg syklar folket her i bygda året rundt mellom dei organiserte sykkeltrimpostane. Eresfjord er altså sykkelbygda framfor nokon andre.

Ikkje rart vi vil framheve sykkelen med å stille ut mange fargerike syklar. Vi starta med dette i 2015. Og er i ferd med å bli «Eresfjord Bike Art Project» I 2018 var det over 100 syklar. Det same er det i 2022.

Du finn syklane plassert rundt om i heile bygda. Og ved hovedvegane inn til bygda.

I Bjørnsons fotspor og Sykkelbygda Eresfjord.  Sjå film frå slive.no

Les også om sykkeltrimmen Bygda Rundt

Why all these colourful bicycles?

The rural area, Eresfjord, has long traditions for biking. We have arranged a biking tour around here every Ascension Day since 1977, a local and social event for both children and adults. We are also arranging biking competitions almost every year. Our professional biker, Kurt Asle Arvesen, who has taken part in both Giro d`Italia and Tour De France, has grown up here.

This is why we have placed more than hundred bicycles around in Eresfjord!

27/10-23: Sesongavslutning med innsamling av syklar.

Sykkelturen 2022 : Fargerik markering av frivilligheta i sykkelbygda Eresfjord

15.juni kom «Sykkelturen 2022» til Eresfjord. Ei fargerik markering av frivilligheta der 6 rickshaw sykklar med "pilot" og passasjer sykla frå Godvikja inn til Eresfjord og ein halv runde rundt bygda via skulen. Ordførar Torgeir Dahl var ein av «pilotane» saman med Kristin Reitan, Rolf Jonas Hurlen, Lars Petter Bjerkeset, Elisabeth Svensli samt Ciara Kasskow frå arrangøren.
Passasjerar frå Pensjonistforbundet var Vera Sandnes, Gerd Myklebust, Solvor Arvesen, Jorunn Steinsvoll, Synnøve Hammervoll og Audhild Torjuul.

Klikk på bilda og bla deg fram ..

Sykkelbygda i 2019

I løpet av mai og juni var det plassert i overkant av 100 fargerike syklar rundt om i Eresfjord. Det same er gjort i 2020 og i 2021.

5.mai 2018: Ca 100 syklar er plassert ute i bygda

Du kan lese meir også på fb

17.juni-2017: Nye syklar blir stadig satt ut i Eresfjord Bike Art Project

Sykkelprosjektet 2014 -2015 - 2016 - 2017 og 2018

Sykkelbygda Eresfjord

20.april 2017:

Sykkelberget i garasjen skal snart ut på lufting. Målet er at ALLE syklane skal vere utplassert rundt om i bygda rundt 1.mai. I tillegg er det mange syklar på lager som ikkje er ferdig strippa, reingjort og lakkert. Som før trengs det hjelp til dette.

Her ser vi primus motor og organisator Marit Rasten Leirvoll (t.v.) saman med Turid L. Øverås.

Her er noen eksempler på syklane som er montert rundt om i bygda.
Sjå også NRK-innslaget om Sykkelbygda Eresfjord

Meir om Bygda Rundt
Meir om Sykkeltrimmen

Sykkelbygda Eresfjord

Sykkeltrimmen