Etter nokre års pause blir det spesielle sykkelrittet frå Coop Eresfjord og opp til Fjellgarden (500 moh) på Vistdalsheia tatt opp igjen.
Sett av datoen fredag 1.juli. Les meir om dette her.
NB! Dette er dagen før Eresfjord Grand Prix som går 2. juli.
Både Eresfjord Classic og Eresfjord Mini-classic vart arrangert 15-16.juli 2011.
Eresfjord Classic hadde i overkant av 100 deltakere.
vart arrangert på laurdag 16/7. og var aller første gong for Mini-classic. Dette for barn opp til 10 år. Sjølvsagt var Kurt Asle Arvesen også med her sammen med dei 24 barna som stilte på startstreken ved barne-og ungdomsskulen. Løypa var ca ein kilometer lang og inkluderte ein kort bakke før du kom i mål på på Brandeinan på Steinsvoll, nærmare bestemt ved Benken. Stor stemning og full innsats også her.