Om Coopens Venner

Coopens venner vart stifta 1/10-2024.

 

  • Vi er ei lita gruppe på 3-4 personar som ønskjer å skape trivsel og samhold omkring butikken i bygda. At kafe-lokala ved Coop Eresfjord skal vere ein uformell samlingsplass. Kan brukast alle dagar når butikken er open.
  • Kaffemaskina var det første vi kjøpte inn. Den er sjølvbetjent og du betaler via VIPPS.
  • Om lag annakvar månad arrangerer vi kafe’ med sal av vafler og kaker.
  • Alt arbeid er på dugnad. Ingen får betaling.

 

Av inntektene har vi pr mars 2026 blant anna kjøpt inn:

  • Kjølekabinett
  • Vaffeljarn
  • Nye gardiner på vindua.
  • Partyhøgtalar med mikrofon.

 

Tiltaket er i samråd med Coop Eresfjord. Dei stiller kafe’lokala til disposisjon for bygda.

Det er vi svært takksam for.

 

Helsing:

Anne Husby, Aud Svensli, Bjørn Magne Øverås og Tone Kvamsås.

Fakta kan du lese her.