Eresfjord småbåtforening

Eresfjord Småbåtforening har hamn inst inne i Langfjorden i bygda Eresfjord. Med den siste utbygginga av ekstra flytebrygger i 2012 er tal båtplassar utvida frå 34 til ca 50 plassar.

Vi har gjestebrygge, klubbhus, eit lite parkanlegg med grillhus og stor danseplatt med scene. I klubbhuset kan du få tilgang til både dusj, toalett og mulegheit for å vaske klede.

Det er også eit lite lysthus, som kom på plass i 2012, som båtmedlemmane har adgang til.

Her er oversikt viktige milepeler i historia til småbåtforeninga.

Djubda ved gjestebrygga på fjøre sjø er ikkje all verden; ca 1,8 meter. Ved flytebryggene i hamna er det djupare. Ved særskilde behov kan gjestebåtar også få plass der for kortare tidsrom.

Ved Eira's utløp

Som bildet viser ligger småbåthamna i Eresfjord heilt i ytterkanten ved utløpet til elvedeltaet Eira i Eresfjord.

Lokalt blir plassen kalla "Paulen".

Bildet ned til høgre er tatt rett etter flaumen 2003.

Kjem du sjøvegen, så ver obs på grunna ved innseilinga til småbåthamna. Er merka med stake.

Prisar for leige av gjestebrygge pr døgn 
Leie av gjestebryggekr. 100,-
Leie av gjestebrygge inkl strømkr. 150,-
Leie inkl.strøm/tilgang toalettkr. 200,-

Betales til konto: 4106.30.09820.

VIPPS: 52 17 30

Døgnleie av båtplass i hamna: kr. 30,-

 

Det er også muleg å leige klubbhuset (bilde t.h) inkl. uteområdet. Kontaktperson er Raymond Rekdal 940 08 844

For medlemmer: pr. døgn 
Leie av klubbhus og uteområdekr. 1000,-
Leie av uteområdet inkl. toalettkr. 500,-
For ikke medlemmer: pr. døgn 
Leie av klubbhus og uteområdekr. 1200,-
Leie av uteområdet inkl. toalettkr. 600,-

 

 

Sjekk flo og fjære i Eresfjord /tidevannstabell. KLIKK HER

Kart/GPS-posisjon: 32V 0456018 6950661

Vakt-telefon: 940 08 844

Hamna ligg like ved RV 660. Det er omlag 1 km til post, butikk .

 

Kartet viser kvar småbåthamna ligger.