Mardalskonserten 8.august 2020

Isák på Litjgjerdet under Mardalsfossen i Eikesdal

Her er noen bilder frå konserten. Koronareglar gorde at max 200 publikummere kunne delta. Ei fantastisk oppleving under Mardalsfossen der Ella Marie Hætta Isaksen fekk alle til å danse mot slutten av konserten.

Daniel Eriksen (synth) og Aleksander Kostopoulos (trommer) skapte tette og tildels hardtslåande lybilde, til Ella Marie Hætta Isaksens joik og songtekster på samisk og engelsk.

Statkraft ville også vere med på å markere Mardøla-2020, at det er 50 år sia Mardølaaksjonen i Sandgrovbotnen. Dei var raus og skrudde på ekstra vatn denne helga, ja rundt 3 kubkkmeter i sekundet. Det "normale" vannsleppet som Stratkraft har er omlag 2 kubikk i august.

Klikk på bilda og bla deg framover. Foto: Bjørn Magne Øverås

Konserten vart også streama live. Her kan du sjå opptaka.

Laurdag 8.august 2020 kl.18.00

 

er det konsert i Mardalen med ISÁK

 

Ella Marie Hætta Isaksen, Daniel Eriksen og Aleksander Kostopoulos.

 

Følg konserten live frå kl.17.45