13.mai - 17: Vår i Eresfjord og Eikesdalsvatnet

Meringdal med Bjørnarlågtinden, Trondskjortetind og Fløtatind. Klikk på bilda ..

Drømmepåska 2017

Eventyrlege dagar i området rundt Aursjøen frå 13-18.april 2017.

Vi starta frå Finnset i Eikesdal på skjærtorsdag, lett sludd da vi spente skia på sekken og la i veg opp stien i Finnsetlia til Botnsetra.

Derifrå med ski opp til Brønnhøbrøstet og vidare innover til Aursjøen. Tungt gjennombrotsføre og flatt lys gjorde turen krevjande. Vi brukte 7,5 time før vi nådde hytta vår Fjellheim på Aursjøen.

Frå langfredag var det 5 solrike dagar heilt fram til vi returnerte 3.påskedag, tirsdag 18/4. Da gjekk vi utover Stordalen på gnistrande silkeføre, opp til Vakkerdalsbandet og ned til Osbudammen. Der vart vi henta etter avtale.

Her er eit knippe bilder...

Merk: Vi såg ikkje berre jervespor, men vi såg også jerven sjølv på omlag 200 meters hald ved Vakkerdalsbandet. I tillegg til voldsomt mykje slåe etter reinsdyr. Dette er høgfjell og villreinens rike !

Her er fleire bilder, klikk på kvart bilde og blad deg framover...