Vaskedugnad i Sira Kyrkje

Tirsdag kveld (20/4-2010) var det vaskedugnad i Sira Kyrkje i Eresfjord. Både prest og kykjetenar stilte opp i lag med ein glad gjeng der ein kunne sjå folk både frå Eresfjord, Eidsvåg og Vistdal. Eit brunt lag med slipestøv over heile kykjerommet, vindu og veggar vart vaska og pussa vekk med liv og lyst.

Dette etter at dei etterlengta nye kyrkjebenkane no er på plass. Det har vore gjennomført eit stort arbeid med utskifting av dei gamle, harde trebenkane til splitter nye med bedre sitjekomfort. Og det er montert nye varmeelemet under setene og det skal vere puter å siitje på. Mykje av det elektriske anlegget i kyrkja er også skifta ut. Mest synleg av dette er nye lampettar på veggene.

Alt skal vere klart til offisiell innviing av "ny" kyrkje torsdag den 29. april. Da skal det ferdige arbeidet markerast med konsert og opningsfest. Erik Forstervoll med fleire skal bidra musikalsk. Folket i Eresfjord kan gle seg til å sitje godt i ei kyrkje som er enda finare enn før.

Her er nokre bilder frå vaskedugnaden