Spelet om Mardøla Praktisk info |
Frå området utanfor kiosken i Mardalen med Mardalsfossen.
NB! Dette er slik det i grove trekk var under "Spelet" i 2022. Endringar kan skje fortløpande. Derfor følg med på denne sia.
Praktisk info:
Spelet om Mardøla er eit utespel som blir framført ved huset nede på Mardalsbøen, med Mardalsfossen som bakteppe.
Spelet blir framført på kveldstid og startar kl 21.00. Det er amfi med sitteplassar. Kort gåavstand frå parkering til tribune, maks 100 meter.
Innslepp til tribune frå kl 20.00. Enkel kiosk ved inngangen til tribuna, betaling med VIPPS og kontanter.
Salg av mat og drikke i Mardalskiosken fram til kl.24.00
Ta gjerne med sitteunderlag og kle deg etter vêrforholda. Toalett ved Mardalskiosken.
Parkering: I samband med spelet blir det gratis parkering i området ved Mardalsbøen. Norsk Folkehjelp avd. Nesset dirigerer trafikk og parkering.
BUSS: Vi har begrensa med parkeringsplass for buss, og maks akseltrykk på brua inn til Mardalen er 8 tonn. Om du kjem med buss, vil ha beskjed om dette i god tid for å få tilvist parkering. DERFOR: kontakt Norsk Folkehjelp v/ Rune Toven tlf 907 26 267.
Korleis kome seg til Eikesdal:
Frå Eidsvåg: Her tek du av frå Fv62 til Eresfjord på Fv660 og følgjer skilting mot Eikesdal, ca 44 km.
Frå Åndalsnes: Køyr Fv64 mot Molde i retning Åfarnes. Frå Åfarnes tek du ikkje ferja, men køyrer rett fram Fv660 til Eresfjord. Følg skilting til Eikesdal og Mardalsfossen og ta Fv6012 «Eikesdalsvegen» langs Eikesdalsvatnet. Frå Åndalsnes til Eikesdal er det ca 103 km.
Bruk dagen til ein tur opp til Mardalsfossen, langs turvegen. Meir info her.
Frå Eikesdal følgjer du Mardalsvegen til Mardalen. Dette er bomveg, (system med skiltgjenkjenning) fram til Mardalsbøen.
Adressa er: Mardalsvegen 267, 6472 Eikesdal.
På sommaren kan ein også køyre den 65 km lange og spektakulære fjellvegen «Aursjøvegen» som går frå Sunndalsøra til Eikesdalen. https://www.visitaursjovegen.no/
Overnatting
Det er fleire overnattingsstader i Eikesdalen og i Eresfjord, men av erfaring er det stor pågang om sommaren. Ver ute i god tid.
Bruk gjerne dagen til ein tur opp til Mardalsfossen, langs turvegen. Meir info her.
Oversikt Mardalen. Spelplassen ligger på den grøne marka nede til høgre. Du ser ein flik av Mardalsfossen oppe til venstre i bildet.
Mardalsfossen sett frå Eikesdalsvatnet. Spelplassen er på marka ved det vesle huset. Mellom 20.juni og 20.august blir det slept ca 2-2,5 kubikkmeter med vatn i fossen pr sekund.
Her sluttar turvegen fram til Mardalsfossen. Men du kan også følgje ein enkel sti vidare framover, tett oppunder fossen på venstre sida. Men der blir du blaut! Frå parkeringsplassen og opp til fossen tek det omlag 40 minutter å gå. Detaljert info.