Spelet om Mardøla

Historie

Mardølaaksjonen i 1970 var historisk; den første miljøaksjonen som tok i bruk sivil ulydigheit. Urbane naturvernarar, bønder og bygdefolk gjekk saman i ein ikkje-valdeleg kamp. Aksjonen vart lagt merke til langt ut over Norges grenser. Økofilosofen Sigmund Kvaløy Setreng la grunnlaget for aksjonsforma, inspirert av teoriar om passiv motstand frå Arne Næss og Mahatma Gandhi.

Aksjonen samla ei stor gruppe støttespelarar i Sandgrovbotn i fjellet over Eikesdalen, der arbeidet med anleggsvegen var i gang. Det starta med omlag 50 aksjonistar, der 40 av dei var bygdefolk frå Eikesdal og Eresfjord. Etter kvart kom fleire til. Omlag 300 var innom i den perioden aksjonen varte, frå 25. juli til 27. august 1970.

Aksjonen greidde ikkje å berge Mardalsfossen frå utbygging, men førte til at naturvernet vart løfta fram i samfunnsdebatten. Norge fekk verdas første miljøverndepartement i 1972. Året etter vart den første verneplanen for vassdrag vedtatt i Stortinget.

Mardølaaksjonen inspirerte også seinare aksjonar for natur og miljø.

Spelet om Mardøla skal minne oss om at kampen for natur ikkje er over. Den kampen er aktuell som aldri før.

Vi kom til at tiden nå var inne til å vise at en del nordmenn fant situasjonen så alvorlig at de var villige til å utsette seg for vær og maskiner i høyfjellet og til å gå i fengsel. Mardøla-leiren var en samling av mennesker som kjempet for sine barn og barnebarns nødvendige livsmiljø

                                                                                                                                                                ..........skreiv Sigmund Kvaløy Setreng i 1970

Mardølaaksjonen 1970. Her blir Sigmund Kvaløy Setreng bert bort av politifolk etter at dei hadde lenka seg fast framom buldosar og gravemaskiner i fjellet over Mardalsfossen, i Sandgrovbotnen. Foto: NTB.

Eit tilbakeblikk på Mardølaaksjonen - noen bilder og avisutklipp

Eit tilbakeblikk til 2020 da vi hadde 50-årsmarkering av Mardølaaksjonen.

Mardalsfossen har eit samla fall på 655 m. Vatnet frå fossen vart etter vedtaket i 1970 ført over til Romsdalen som ein del av Gryttenutbygginga. Men etter gjeldande konsesjonsvilkår blir det slept vatn i fossen mellom 20.juni og 20.august. Mengda vatn i fossen er mellom 2-2,5 kubikkmeter pr. sekund.

Tilbake til hovedside