Spelet om Mardøla Om oss |
NB! Slik var det i 2022. Kan hende det blir noen endringar for 2023. Følg med, oppdateringar vil kome etter kvart.
Mardøla Teaterlag
Mardøla Teaterlag vart skipa 15. mai 2019 med føremål å sette opp eit musikkspel om Mardølaaksjonen i 1970. Laget er ope for medlemskap for alle, og vi tek gjerne imot nye medlemmer. Kontingenten er 200 kroner for vaksne og 100 for born. Send meldng til fagersletta@gmail.com for å melde deg inn.
Kontonr. 4100.74.17150 VIPPS 742514 Org.nr. 922 945 837
«Spelet om Mardøla» er skrive av Svein Sæter (tekst) og Lars Ramsøy-Halle (musikk). Stykket er inspirert av Mardølaaksjonen, som var ein av dei første miljøaksjonane i verda som tok i bruk sivil ulydigheit. Derfor vekte den også oppsikt både i Norge og internasjonalt.
Ideen om at desse hendingane kunne vere emne for eit spel har modnast i nokre år. Våren 2019 samlast ei rekkje interesserte frå Eikesdal, Eresfjord og Eidsvåg og stifta Mardøla Teaterlag. Sidan har vi arbeidd med å sette ideen ut i livet, og 11. august 2022 er det klart for urpremiere.
Det er valt eit produksjonsstyre og eit styre for teaterlaget.
I styret i Mardøla Teaterlag sit Dag Ringstad, Elin Ulateig Austigard og Marit Wadsten (leiar).
Produksjonsstyret består av Bjørn Ølander, Toril Melheim Strand, Turid Leirvoll Øverås, Kirsti Fagerslett, Dag Ringstad, Elin Ulateig Austigard, Marit Wadsten
og Marit Engelsjord Negård (leiar).